Sunnhordland

Stal pengar på skulane

Det har vore tjuveri på både Fitjar og Bømlo vidaregåande skule.

- Gjerningspersonen eller -personane har brote opp skuffer og skada innvendige dører på Fitjar vidaregåande skule, opplyser operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i politiloggen.
Det står i loggen at det er forsvunne eit større pengebeløp på Fitjar vidaregåande skule.
- Me fekk melding om dette tjuveriet måndag føremiddag, rundt klokka 9.20, seier operasjonsleiar Svein Sørensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ut på staden
Det har også vore tjuveri på Bømlo vidaregåande skule i løpet av vinterferien.
- Me fekk melding om eit tjuveri på Bømlo vidaregåande skule ved lunsjtider i dag, seier lensmann Roald Raunholm ved Bømlo lensmannskontor måndag ettermiddag.
Han fortel at det på dette tidspunktet, rundt klokka 15.10, er på veg ei patrulje på åstadsbefaring til Bømlo vidaregåande skule.
- Politiet har ikkje vore på Bømlo vidaregåande skule enda, men tjuveriet skal etterforskast som ei vanleg kriminalsak, seier Raunholm.
Politiet omtalar hendinga som grovt tjuveri i politiloggen.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Bringebærfarmen

Bringebærfarmen

Det gjer ikkje så mykje om det regnar om ein har eit stort og saftig bringebær i munnen.

Mista lappen etter herjing

Mista lappen etter herjing

Ung mann måtte setja bilen i frå seg


Løfta stemninga i taket

Løfta stemninga i taket

Revysjef Sigurd Sele gav alt i premieren på årets sommarrevy "Vaflar og Velstand."

Sommarhelg i Sunnhordland

Sommarhelg i Sunnhordland

Dei fleste stader får mellom 15 og 20 grader, seier meteorologen.


Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Asbjørn Knutsen fekk ein liten nedtur på botanisk ekspedisjon på Fitjar.

Går inn i helga utan planar

Går inn i helga utan planar

Kristbjørg Haugen (67) har ikkje bestemt seg. Sjekk planane til andre stordabuar.