Sunnhordland

Kraftig jordskjelv

- Det buldra noko veldig, og veggene rista, seier Øystein Skåla på Ådland.

Han var ein av mange som ringde inn om jordskjelvet som merkast i heile distriktet litt før klokka 20.30 i kveld.
- Det må ha vore jordskjelv. Eg kjende ristinga her på Haga. Det same gjorde ein venn i Skudneshavn, skriv Jens Lønning på melding til Sunnhordland.

-Me bur på Tittelsnes og merka godt eit jordskjelv her for ca. 10 minutt sidan. Det varte i kring 15 sekund, rapporterer Kjell O. Møllerhaug klokka 20.35.

- Var det jordskjelv no klokka 20.24? Det kom eit veldig skrall i jorda og huset vårt på Bjelland rista og skaka. Det kan ikkje vera anna enn jordskjelv, melder Sverre Skjelnes.

- Eg kjende det her på Fitjar òg, skriv Karsten Andrè Hartvedt på facebook-sida til Sunnhordland.

Politiet opplyser også at dei har fått inn meldingar om eit mogleg jordskjelv. Dei har ikkje fått inn meldingar om kontrollerte sprengningar.

I Nordsjøen

På nettsida m.emsc.eu melder dei om jordskjelv i Nordsjøen som måler 3.4 på Richters skala. Her står det vidare at det klokka 20.22 lokal tid, blei målt jordskjelv 177 kilometer vest for Stavanger/Sandnes. På same tidspunkt er det målt jordskjelv 170 kilometer sørvest for Haugesund.

Sjå lenka til nettsida her.

 

ABBnyheter har skrive ei sak om at Det seismologiske observatoriet NORSAR på Kjeller har motteke meldingar om jordskjelv frå Lyngdal i sør til Stord i nord.

Denne saka kan du lesa her.

- Ti i året

- I norsk samanheng er det eit moderat skjelv, men me har ikkje slike skjelv kvar dag. Det kjem omtrent ti skjelv av denne typen i året, seier professor Kuvvet Atakan til bt.no.
Han seier vidare at Episenteret var like nord for Etne, magnituden 3,5. Noko liknande har ikkje skjedd i Etne-området sidan 1989, seier Atakan.
Saka blir oppdatert.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Viser fram «jåttar»

Viser fram «jåttar»

Jåttutstillinga i flytenaustet i Våge er no inne i sin femte sesong.

Tok med seg telt og madrass

Tok med seg telt og madrass

Tjuvar på ferde på Jysk-butikk.


Klar for sluttspelet

Klar for sluttspelet

Stord G15-1 måtte vinne med åtte mål for å vinna pulja si. Dei vann 10-1.

Satsar på to idrettar

Satsar på to idrettar

Katrine Våmartveit Lothe trenar både fotball og skyting. No er det Dana cup som gjeld.


Fekk skade etter kollisjon

Fekk skade etter kollisjon

Mannskapet om bord i seglskuta Polonez fekk ein brå start på dagen då ei mykje større seglskute køyrde i seglskuta deira.

Utfordrar sonen til duell

Utfordrar sonen til duell

No er Arne Engevik frå Stord klar for slå sonen Sander (17) i finalerunden på heimebane i september.