Sunnhordland

Til sjukehus etter mopedsmell

Ein mopedførar vart frakta til Stord sjukehus etter ei ulukke på Verftsvegen på Stord no i ettermiddag.

AMK-sentralen og Politiet fekk melding om ulukka om lag klokka kvart over tre onsdag.

Det er førebels uklart kor omfattande skadane er, eller kva som var årsaka til ulukka.

På staden
- Dette er ei ulukke i samband med ei forbikøyring, der begge køyretøya er komne i frå Eldøyane på veg mot E39. Den eine
personbilen køyrer av vegen og mopeden køyrer inn i bilen. Skadeomfanget er førebels ukjend. Ein person er sendt til Stord
sjukehus, og det er mpoedføraren, seier Asgeir Nærland ved Stord Lensmannskontor. Han var ute på ulukkesstades like etter at
ulukka skjedde.

Stabil tilstand
Personell ved Stord sjukehus opplyser at tilstanden til mopedføraren er stabil, og utenfor livsfare.

Sunnhordland.no kjem tilbake med meir om saka.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Overraska elevane med ny park

Overraska elevane med ny park

Skuleleiinga i Sagvåg sette av dagar i sommar­ferien til å leggja ned bildekk i skogen ved skulen.

Har testa det nye under­laget

Har testa det nye under­laget

Les kva Ingemar Olsson meiner om det flunkande nye golvet på Vika­haugane.


Her bør du ikkje bada

Her bør du ikkje bada

Kommune­legen åtvarar mot bading i Stora­vatnet. Kan føra til hudirritasjon og utslett.

Nytt politihus blir miljøhus

Nytt politihus blir miljøhus

Byggherre på Vabakkjen vil la sola gje energi til politiet.


Sjefen avgjorde for "Ballane"

Sjefen avgjorde for "Ballane"

... og Solid/Trott-kvinnene fekk ein perfekt start på haust­sesongen. Les kampreferat her!

Gir alt for finalehelg i Oslo

Gir alt for finalehelg i Oslo

Desse jentene håpar å få reisa til Oslo for å spela finale.