Eitt av Noregs mest ettertrakta rockeband, Honningbarna, klinkar til med to konsertar på Leirvik til helga. Både for små og store.
Både kulturskulen og plateselskapet Karmakosmetrix inviterer til konsertar på høvesvis fredag og laurdag.
I samband med tiårsfeiringa til plateselskapet Karmakosmetrix, såg Ian Kolstad sitt snitt til å skipa konsertar både i regi av kulturskulen, og av plateselskapet.
– Honningbarna spelar i same plateselskap som oss i Goldlog, så det er ein direkte link der. I tillegg er eg kultur-skulelærar for band. Så det var der ideen kom, seier Ian Kolstad om arrangementa.
Held seminar
To av dei lokale banda i kulturskulen vil få høve til å spela på same arrangement som Honningbarna på fredag. Dette arrangementet er rusfritt og ope for alle aldrar.
– Det vil bli ein konsert på fredag med kulturskulen, og dagen før kjem Honningbarna til å halda eit seminar med banda om kva det skal til for å spela i eit rockeband på alle nivå, og om det å vera i rockebransjen.
Nye songar
Dei lokale kulturskulebanda som skal spela er Black Lights og Evolver. Plateselskapet Karmakosmetrix innleiar jubileumsarrangementa på Stord før vegen går vidare rundt i Noreg og seinare Europa. Kolstad skal sjølv spela saman med resten i Goldlog på laurdag, og kan by på nytt materiale.
– Me har to nye songar frå albumet me jobbar med no, og kjem til å spela med fullt band, seier musikaren.
Henta lokalt band
Bandet Hot Pockets er henta inn som eit ekstra lokalt bidrag på plateselskapet sin kveld på laurdagen. Også her er det Ian Kolstad som har trekt i trådane.
– Eg spelar med Ian i Nils Horn band, seier Ørjan Lægreid, bassist i Hot Pockets.
Bandet har etter kvart blitt eit kjend namn i Sunnhordland, og beskriv musikken sin som hovudsakleg rock.
– Me spelar frå mange forskjellige sjangrar, men baserer oss på rock n"roll.
– Me spelar og litt jazz og blues, seier Lægreid.
Treffest igjen
Saman med bandkollega trommis Pål Gunnar Dale ser dei fram til konsertkvelden.
Dei har tidlegare møtt Honningbarna, og Dale skreiv inn ein kondolanse på VG Nett sine sider då trommis Anders Askildsen Eikås omkom i ei trafikkulukke i januar.
– Me var ein del av crewet på Øyo 2010 og slo av nokre ord då. Dei er kjekke alle saman, sympatiske fyrar, seier Dale.
Ettersom Honningbarna også har sitt utspring frå eit samarbeid på vidaregåande er det nokon likskapstrekk mellom banda.
– Eg har sansen for dei. Dei er eit år eldre enn oss, og starta opp på musikklinja, seier Ørjan Lægreid.
Bandkollega Dale er imponert over kva kameratgjengen frå Kristiansand har fått til.
– Dei var av dei mest ettertrakta rockebanda i Noreg i løpet av siste året på vidaregåande, seier Dale.
Hans-Magne og kona Johanna Eikeland blar opp for Slektsbanken.
Håkon Frode Særsten (V) lova kommunestyret på Stord at fiskedama tåler både brann, vêr og vind
– Klubben har klart signalisert at han ikkje vil satsa på meg. Eg reiser ikkje land og strand rundt for å sitja på benken.
Det manglar ikkje på jobbtilbod i Wärtsilä sine lokale på Fitjar, men lysten til å flytta der er det verre med.
Sunnhordland tingrett meiner det ikkje kan bevisast at stordabuen førte båt i fylla.