Delegasjon frå Sunnhordland i Tigerstaden denne veka.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland avsluttar veka i Oslo for å ha møte med ulike departement og organisasjonar som er relevante i forhold til å fremja dei sakene som Samarbeidsrådet har fokus på no.
Det heile starta i går ettermiddag med møte med Fiskerinæringens Havbrukslag (FHL) som skal presentera konsekvensanalysen for innføring av Hardangerfjordforskrifta. Analysen vert lagt fram denne veka.
I dag vert det møte med Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regional-departementet.
– Dei viktigaste sakene her er å få E 39 Aksdal-Bergen inn i NTP og prioriteringar på E 134. I kommunal og regionaldepartementet er tema forenkla planprosessar, stat og kommunemeldinga og strandsonearbeidet i Sunnhordland. Det vert òg eit møte i KS, der tema blant anna er konsultasjonsordninga, forklarar dagleg leiar Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet.
Vidare denne dagen skal Samarbeidsrådet vitja Drammen kommune for å få ei orientering om kommunen si rolle i utvikling av byen, strategiske grep og omdømmebygging.
Fredag vert det først møte i Fiskeri og kystdepartementet, der tema er fiskerihamn i Austevoll og konsekvensanalyse for innføring av Hardangerfjordforskrifta. Fredagen vert avslutta med møte med Justisminister Grete Faremo, der tema er framtidige politidistrikt, bemanning og fengsel i regionen.
Som ein del av naturfagopplæringa var fjerdeklassingane på Hystad skule på tur til Apalvikjo måndag for å leita etter liv i fjøra og spidda pølser i finvêret.
Gulating lagmannsrett har skjerpa straffa for ein mann i 20-åra frå Stord etter ei trafikkulukke på Heiane 9. april 2011.
Måndag kveld landa ein biesverm på ein av SKL sine montørbilar og slo seg til der.
Rannveig og Gunnhild Litlabø bidrog til norsk gull i Nordisk meisterskap i undervassrugby.