Sunnhordland

Fyrte laus med startpistol

Væpna politi rykka ut til Fitjar torsdag kveld. Ungdommar hadde skote 39 skot med ein startpistol.

Rett før klokka 23 torsdag kveld fekk politiet melding om skyting i eit hus på Fitjar.

Det vart gjeven klarsignal til å væpna seg, og patruljar frå Stord og Haugesund rykka ut.

– Meldinga gjekk på at det var høyrt skot i eit hus på Fitjar, og då måtte me væpna oss, seier Stord-lensmann Bernt Norvalls.


39 skot
Aksjonen gjekk føre seg utan dramatikk, for då patruljane kom fram til Fitjar, synte det seg at det ikkje var skot frå skytevåpen.

– Det var to ungdommar i slutten av tenåra som hadde skote 39 skot med ein startpistol. Eit ute, og resten inne, seier han.

Han trur det måtte ha vore ganske røykfylt inne i huset etter skytinga.


Førelegg
– Ungdommane kan no venta seg eit førelegg for ordensforstyrring. Det er ikkje noko krav om lisens for startpistol, men ein kan ikkje bruka det på ein slik måte at det forstyrrar andre, seier Norvalls.

Stord-lensmannen meiner ein som har greie på skytevåpen, ville ha høyrt forskjell på skota frå ein startpistol og eit ordinært skytevåpen.

– Men når me får slike meldingar og det ikkje er avklart kva som skjer, så må me væpna oss, seier han.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Dette er Norges fjerde beste jentelag

Dette er Norges fjerde beste jentelag

Dei spelte seg heilt fram til finalehelg i Oslo i den uoffisielle norges­meisterskapen i Valle Arena i Oslo.

Så seig er ein seigmann

Så seig er ein seigmann

Elevar fekk i oppdrag å finna ut kor mykje motstand ein seig­mann tåler. Trur du dei blei overraska over resultatet?


Arbeidsuhell på Kværner Stord

Arbeidsuhell på Kværner Stord

Til alt hell var det ingen personar i nærleiken under uhellet på verftet tysdag etter­middag.

Han får årets seniorpris

Han får årets seniorpris

Eldrerådet hadde eit lett val, då dei berre fekk éin kandidat på bordet.


Hevdar han berre er halv­­vegs i karrieren

Hevdar han berre er halv­­vegs i karrieren

– Far min hadde runda 70 år då han gav seg med fot­ball, seier Atle Lunde (48) på Leirvik BK.

Potetopptak hindra møkkaspreiing

Potetopptak hindra møkkaspreiing

No søkjer bonden om dispensasjon til å spreia husdyrgjødsel til 10. oktober.