Sunnhordland

Slik har det sett ut i Vabakkjen-krysset i dag. FOTO: PER EGIL LARSEN

Slik har det sett ut i Vabakkjen-krysset i dag. FOTO: PER EGIL LARSEN

Ting bilete

Mykje vatn i vegbanen

Bilistane fortvilar over vassmengdene på Vabakkjen.

Store vassmengder har skapt mykje frustrasjon for bilistar ved Vabakkjen, og Sunnhordland har i løpet av dagen fått fleire tips om dei våte forholda i vegkrysset.

Ifølgje vaktoperatur Ove Amundsen ved vegtrafikksentralen er det likevel ingen som har klaga sin naud til dei.

– Heilt stille

– Her har det vore heilt stille, seier Amundsen til Sunnhordland.

Men det er ikkje berre på Vabakkjen det er meir vatn enn normalt.

– Tveitavatnet har eg aldri i mine 61 år sett så høgt som i dag. Spesielt ved Tveita-krysset er det tydeleg å sjå at det må vera ein propp i systemet einkvan staden. Ser ut til å vera på god veg opp mot riksvegen, skriv Gisle Tjong i ein e-post til Sunnhordland.

Godvêr i vente

Om det kan vera til noko trøyst, ser det i det minste ut til at væta snart tar slutt.

Skal me tru Yr sitt langtidsvarsel for Stord, vil den neste veka vera så godt som regnfri, når berre onsdagen er over. Det er attpåtil meld sol eit par av dagane, før regndropane dukkar opp på kartet igjen torsdag om ei dryg veke.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Løfta stemninga i taket

Løfta stemninga i taket

Revysjef Sigurd Sele gav alt i premieren på årets sommarrevy "Vaflar og Velstand."

Sommarhelg i Sunnhordland

Sommarhelg i Sunnhordland

Dei fleste stader får mellom 15 og 20 grader, seier meteorologen.


Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Asbjørn Knutsen fekk ein liten nedtur på botanisk ekspedisjon på Fitjar.

Går inn i helga utan planar

Går inn i helga utan planar

Kristbjørg Haugen (67) har ikkje bestemt seg. Sjekk planane til andre stordabuar.


Politiet ventar på DNA-svar

Politiet ventar på DNA-svar

Etterforskinga etter knivstikkinga på Kringsjå er så godt som ferdig.

Lunken til festivalpils

Lunken til festivalpils

Tysnesfest møter motstand hos barnevernstenesta i kommunen.