Sunnhordland

Maratonblogg
  • Lars Mæland


Tidlegare artiklar

På tur over Grønland

På tide å finna fram joggesko.

Det er dei som vil hevda det er betre med ski på beina, skal du over Grønland. Det kjem an på.

Kjem til å tenkja på synet som møtte meg i Hustredalen for nokre år sidan. Joggande inn i dette flotte turområdet på beste vestkant trefte eg plutseleg på to karar som kom dragande på kvart sitt bildekk. Såg rimeleg sprøtt ut, sjølv på desse kantar.

Dei trente til turen over Grønland, viste det seg. Og jammen gjennomførte dei med stil, bildekkslitarane Lars Åge Myhre og sonen Eirik. Dagar brukte dei på treninga, dagar brukte dei på turen.

Treninga vil nok ta tid også for oss som skal forsera Grønland i joggesko, men sjølve turen er gjennomført på timar. Eksotiske Grønland i hovudstaden er eitt av områda me passerer på veg til fullført heil- eller halvmaraton laurdag 22. september. Start i Kongens gate, mål på Festningsplassen. Rådhusplassen, Aker Brygge, forbi Operaen, Vippetangen med sitt konditori - i alle fall kan ein nynna Øystein Sunde-visa om dette - og sjølvsagt ein tur innom Karl Johan.

Mykje spennande å gle seg til, når dei stengjer av store delar av Oslo for å sleppa til løparar frå heile landet, og frå mange andre nasjonar. Det ligg an til ein skikkeleg folkefest i hovudstaden denne haustlaurdagen, og det er god tid til å koma i form og vera med på moroa.

I går fann eg fram mine joggesko etter vinterdvalen. I tett duskregn gjekk ferda til Vatnadalen, på skogsvegen frå Isdal. Tenkjer på alle dei flotte turane som ventar, på veg mot det nye målet i Oslo. Der turen over Grønland blir eitt av mange høgdepunkt.

Send gjerne inn kommentarar eller gjesteblogg.

LARS MÆLAND






Siste saker frå Sunnhordland.no

Pleier kontaktar på oljemessa

Pleier kontaktar på oljemessa

Kværner og Wärtsilä er alltid på plass, medan Salt Ship Design er med for første gong.

Her er tidenes o-løpar i Stord

Her er tidenes o-løpar i Stord

Lesarane røysta fram Arild Aasheim (52) i hundreårs­kåringa. Her er glimt frå karrieren.


Klare for politikamp

Klare for politikamp

Ein artikkel om nye politigrensene fekk Kjetil Hestad (Ap) til å mobilisera. Kommunane i Sunnhordland vil ha eit ord med i laget i spørsmålet om kor sjefen til Roald Raunholm skal sitja.

Rykkjer ut til brann i uthus

Det er fare for at brannen skal spreia seg til andre hus, melder politiet.


Tek inn ekstra mange lærlingar

Tek inn ekstra mange lærlingar

14 ungdommar er klare til å ta fatt på læretida i Advantec og Advantec elektro.

Ordføraren reagerer på fråværet

Ordføraren reagerer på fråværet

Dei folkevalte på Stord som ikkje stiller på politiske møte, må senda grunn­gjeving med kopi til ordføraren.