Sunnhordland

Her er det solistane Veronika Nygård (til venstre) og Frida Nygård som øver under rettleiing frå dirigent Lars-Erik ter Jung. FOTO: OLAV RØLI

Her er det solistane Veronika Nygård (til venstre) og Frida Nygård som øver under rettleiing frå dirigent Lars-Erik ter Jung. FOTO: OLAV RØLI

Ting bilete

Unge talent får prøva seg

Tre unge solistar er med når Sunnhordland kammerorkester har konsert på sundag.

Under leiinga av dirigent Lars-Erik ter Jung skal kammerorkesteret framføra musikk av mellom anna Vivaldi, Purcell, C.P.E. Bach, Sibelius og Bartók. I tillegg til orkesteret skal tre solistar bidra under framsyninga. Dei er Gunvald Ottesen på fiolin, medan Frida Nygård og Veronika Nygård skal syngja.
– Det er viktig for oss å gje ungdom i regionen vår eit godt tilbod, seier leiar av Sunnhordland kammerorkester, Eli Haugan.
Det er mellom anna dei unge talenta orkesteret vil visa fram under førestellinga.

Første solo
Ein av dei unge solistane er fiolinist Gunvald Ottesen (18). Etter seks år som medlem i orkesteret har han fått ein del konserterfaring, men sundag blir første gongen han skal fylla ei solistrolle under konsert.
– Eg trur det skal gå greitt, seier han.
18-åringen går siste året på musikklinja, og er aktiv i endå eit orkester: symfoniorkesteret i Bergen.
– Det er kjempefint å vera med i orkestra. Det er kjekt å få erfaringar frå to ulike orkester. Sundag spelar han «Våren» av Vivaldi.
– Eg har øvd det inn i ein periode over jul. Det er eit noko krevjande stykke, seier Ottesen om verket.

Nye talent
Ifølgje leiar Eli Haugan har Sunnhordland kammerorkester allereie vore startorkesteret til fleire talent.
– Me har mellom anna hatt dirigent Eivind Gullberg Jen-sen i orkesteret som ungdom.
Sunnhordland kammerorkester består av ungdommar, vaksne amatørar og profesjonelle musikarar frå Sunnhordland. Orkesteret har som føremål å stimulera strykar-miljøet i regionen gjennom eit samarbeid over kommune-grensene.

Dirigent Lars-Erik Ter Jung og solist Veronika Nygård i bakgrunnen under øving sist laurdag. FOTO: Olav Røli.

Dirigent Lars-Erik Ter Jung og solist Veronika Nygård i bakgrunnen under øving sist laurdag. FOTO: Olav Røli.

Ting bilete






Siste saker frå Sunnhordland.no

Gjev ein halv million kroner til slektsprosjekt

Gjev ein halv million kroner til slektsprosjekt

Hans-Magne og kona Johanna Eikeland blar opp for Slektsbanken.

Denne dama tåler ein omgang

Denne dama tåler ein omgang

Håkon Frode Særsten (V) lova kommunestyret på Stord at fiskedama tåler både brann, vêr og vind


Sæbø seier nei til ny sesong med Stord

Sæbø seier nei til ny sesong med Stord

– Klubben har klart signalisert at han ikkje vil satsa på meg. Eg reiser ikkje land og strand rundt for å sitja på benken.

Får ikkje folk til Fitjar

Får ikkje folk til Fitjar

Det manglar ikkje på jobbtilbod i Wärtsilä sine lokale på Fitjar, men lysten til å flytta der er det verre med.


Slepp straff for fyllesoving

Slepp straff for fyllesoving

Sunnhordland tingrett meiner det ikkje kan bevisast at stordabuen førte båt i fylla.

No ber det til fjells

No ber det til fjells

Kjenner du att kor turlaget har tenkt seg denne gongen?