Sunnhordland

Det var full fyr då brannmannskapet kom til staden. Ingen kom til skade i brannen på Husnes.

Det var full fyr då brannmannskapet kom til staden. Ingen kom til skade i brannen på Husnes.

Ting bilete

Bustadhus brann til grunnen

Brannmannskapa hadde ingen sjanse mot flammane då det tok fyr i eit bustadhus på Husnes.

Politiet fekk melding om brannen klokka 19.38. Huset ligg i Haugavegen midt i Husnes sentrum. Ifølgje operasjonleiar ved Hordaland politidistrikt, Frode Kolltveit, var huset sporadisk bebudd, og det blei etter relativt kort tid bekrefta at ingen personer var inne i huset, då utrykningseiningane kom til staden.

Kunne ikkje reddast

Då brannmannskapa kom fram til staden var huset overtent og ein valde å la bustaden brenna ned kontrollert. Bebuarane i eit nabohus blei evakuert. Torgils Våge i branntroppen seier til bt.no at så langt er det mykje som tyder på at brannen har starta i kjøkenet. Lensmannskontoret i Kvinnherad vil etterforska brannen. Ifølge Kvinnheringen.no er det ein familie med vaksne born som eig huset.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Sommarhelg i Sunnhordland

Sommarhelg i Sunnhordland

Dei fleste stader får mellom 15 og 20 grader, seier meteorologen.

Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Asbjørn Knutsen fekk ein liten nedtur på botanisk ekspedisjon på Fitjar.


Går inn i helga utan planar

Går inn i helga utan planar

Kristbjørg Haugen (67) har ikkje bestemt seg. Sjekk planane til andre stordabuar.

Politiet ventar på DNA-svar

Politiet ventar på DNA-svar

Etterforskinga etter knivstikkinga på Kringsjå er så godt som ferdig.


Lunken til festivalpils

Lunken til festivalpils

Tysnesfest møter motstand hos barnevernstenesta i kommunen.

Natalie (6) laga reile av rullestol

Natalie (6) laga reile av rullestol

Sjekk dei andre reilene som borna i Sæ barnehage laga.