Lenkjer
Tidlegare artiklar
- Edderkopp, kongro, vevkjerring og oppsitjar
26.03.12 - Flettande, rø og hugleik
10.02.12 - Hommandeneset, Presthaugshavet, -stell og -vesen
16.10.11 - «Opp i lokto», alt for/altfor, over alt/overalt
09.10.11 - I hytt og vêr og i hytt og pine
23.09.11 - Litt om august
14.09.11 - Flakkavåg, Ølvestaneset, Indianarsvingen og jonsok
29.06.11 - Babla, Babels tårn og blod på tann
17.06.11 - Pinse/pinsti
kvitsunn
10.06.11 - Nokre stadnamn
og ordet gysje
30.05.11 - Litt av kvart
20.05.11 - Våren i mai
16.05.11 - Om hus, bue,
rjome og hanar
09.05.11 - Tyende, Euklid, utkropen og forresten
29.04.11 - Påskeord
18.04.11 - Traskjo, Presten og Klokkaren, kipen og kjipt
08.04.11 - Suvl, tvoga
og levang
02.04.11 - Idiomatiske
uttrykk
28.03.11 - Skomakar, kråna med seg, budle og berre blåbær
25.03.11 - Dei reisande
15.03.11 - Drøla, donta,
drøsa og driva
07.03.11 - Borti hampen
01.03.11 - Gå over bekken etter vatn
19.02.11 - Jommahedlo?
13.02.11 - Gjelda og ofra for kunsten
12.02.11 - Fugleliv
11.02.11 - Frå følgja til føljetong og kakemat
21.01.11 - Longehøljane, Huldastovo og Huldraholo
14.01.11 - Anglifisering
12.01.11 - Gang og gong
19.11.10 - "Hodn om hodn"
12.11.10 - "Å vera van med"
05.11.10 - Kalvekryss og atteleta
29.10.10 - Høva, idast og felage
08.10.10 - Hølp og hop
06.08.10 - Kopeleret
11.12.09 - Fura på, askjele & baskjen
14.11.09
Edderkopp, kongro, vevkjerring og oppsitjar
I dag skal me konsentrera oss om eit lite dyr som trass i at det høyrer til leddyra, ofte vert klassifisert som insekt. Dyret me snakkar om, fører oss inn i araknologien , «læra om edderkoppar». Dei som er araknofobe og såleis fryktar desse krypa, må få sleppa å lesa vidare.
Det er segnkvinna Arakne frå Lydia som er opphav til denne greske nemninga. Ho var så flink til å veva at ho utfordra sjølvaste Atene til kappveving. Gudinna vart rasande over eit slikt frimod, og øydela Arakne sine arbeid. Etter dette ville Arakne gjera ende på livet sitt, men Atene skåna henne og gjorde henne om til ein edderkopp slik at ho kunne halda fram med å veva.
Ordet edderkopp (Araneae) var ikkje så mykje brukt på Vestlandet. Ei vanleg nemning her var kongro, med avleiingane kingel/kongel. Ordet kongro kjem truleg av den germanske rota kang-, som tyder «spinna, dreia».
Somme stader ser det ut til at vevkjerring/vevkona har vore ei fellesnemning for alle edderkoppdyr. Men me må nok skilja mellom edderkopp og vevkjerring. Edderkoppen/kongroa har spinnvorter og lagar spindelvev, som mange stader heiter kongrovev. I Fitjar t.d. kalla dei denne veven for kongelvåg, av norr. kongurvófa.
Edderkoppen sin kropp er todelt, og han har giftkjertlar.
Vevkjerringa (Opiliones) er ikkje giftig, og kroppen er samanvaksen til ein liten ball. Me skulle tru at namnet var sjølvforklarande, men faktum er at vevkjerringa manglar spinnvorter og kan verken spinna eller veva.
Dei lange beina har gjeve dette dyret eit spesielt ganglag, og folk må truleg ein gong i tida ha assosiert dette «gongalaget» med rørslene til ei vevkjerring når ho let skyttelen gå fram og tilbake i veven.
Eit høveleg og mykje brukt namn for dette krypet er langbein.
Grunnen til at me er opptekne av edderkoppdyr denne gongen, er at innsendaren vår frå førre fredag spurde kva ordet edderkopp kom av.
Det betyr rett og slett «gifthovud». Fyrstelekken edder er ei dansk form av norrønt eitr, som tyder «dyregift, etsande, sviande væske».
Truleg kjem ordet frå den indoeuropeiske rota oid, «svella, svulst».
Me tyr gjerne til denne gifta når einkvan har provosert oss: Eg vart så eitrande sinte på an!
Det danske uttrykket «full av edder og galle» har vore mykje brukt i norsk. Ibsen nytta det reint biletleg i En folkefiende: «Jeg skal dyppe den (pennen) i ædder og galde». Målmannen Garborg derimot, skreiv helst om «eiter og krut».
Da e kje eiter i alt so krype i grase, seier eit gamalt ordtak. Dette er eit godt døme på korleis naturen kan skapa kraftfulle metaforar, bilete som sit og får fram noko viktig om livet.
Andrelekken i namnet, kopp, er det lågtyske ordet kop, «hovud», som me kjenner att i ord som rotekopp og tøysekopp. Opphavleg tyder kop «noko tjukt, oppsvulma», og det er sjølvsagt same ordet me har i kaffikopp (norr. koppr).
I dag kallar engelskmannen edderkoppen for spider, men språkspor kan fortelja at han òg sa edderkopp tidlegare. Framleis heiter spindelvev cobweb, og går me noko attende i tid, finn me òg forma attercop. Då er me faktisk så nær den norske edderkoppen som me kan koma.
Til slutt ser me nærare på ordet oppsitjar, som mest truleg kjem frå plattysk. Oppsitjar har tidlegare vore ei rettsleg nemning for brukaren på ein gard, anten han var sjølveigande bonde eller plassmann.
Ordet vert framleis nytta om ein gardbrukar, men i dag har det fått ein meir generell valør og tyder vel så ofte «ein som bur på ein bestemt stad»: Oppsitjarane på Litlabø har kjempa for skulen sin.


