Gå til artikkelen
FOTO: LINE ANDA DALMAR

Sesongopning i Rosendal

Inspirert av naturen.

Publisert 27.03.2012 kl. 07.00.

Laurdag startar Galleri G Guddal i Rosendal sesongen med ei utstilling av Solveig Landa kalla «I VATN - I JORD». Bileta, laga i den grafiske teknikken serigrafi, er inspirert av naturen og vitjar ein denne utstillinga vert ein minna om at vinteren er over og at våren er i anmarsj, skriv gallerieigar Gøril Guddal i ei pressemelding.

Solveig Landa kjem frå Seimsfoss, men bur no i Stavanger, der ho har budd sidan ho avslutta kunstutdanninga i USA. I Stavanger har ho etablert seg med eige atelier samstundes som ho arbeider som verksmeister på fellesverkstaden Grafisk Verksted.

Nett-TV

Dette meiner dei om gamle dagar

Dette meiner dei om gamle dagar

Petter (14) blei utfordra av Sunnhordland

Petter (14) blei utfordra av Sunnhordland

Jubileumskonsert i kyrkja

Jubileumskonsert i kyrkja

Zahl med hest

Zahl med hest

Siste saker Gå til framsida