Sunnhordland

Ei travel helg

I HELGA var det uvanleg mykje som skjedde i distriktet, med alt frå familiedag og fotballcupar til konsertar og opning av kunstgrasbane på Tysnes. Mest travelt var det på Stord, der det var konsertmaraton på 100dagar, teaterfestival, NM for yngre i bordtennis, fotballturnering på Nysæter, barnegospel i Leirvik bedehus og dugnadstur til fjells i regi av Stord-Fitjar turlag. Og sikkert litt til som me ikkje har fått med oss.

DET ER
dei som hevdar at dugnadsanda er i ferd med å forsvinna. Men det er ho slett ikkje. Berre på dei nemnde arrangementa er det lagt ned tusenvis av dugnadstimar denne helga. Og tenk alle dei kveldar, helgar og veker som er gått med til førebuingar i forkant. Snikring, kostyme, hente, bringe, øve, trene, motivere, organisere, rydde, tilretteleggje osv. I tillegg til dei nemnde arrangement, så er våren tid for andre typar dugnader, slik som vårreingjering på Langelandsbanen, som også skjedde i helga. Også i båtforeiningar, nabolag og velforeiningar er våren lik dugnad.

SOMME
vil kanskje hevda at private må trø til der kommunane og samfunnet burde gjort jobben. Dette er etter vårt syn ikkje heilt sant. Opp gjennom alle år har dugnad vore ein viktig bidragsytar i det frivillige lagslivet, og skulle kommunane betalt for alt dette, ville det vore lite att til lovbestemte tilbod som skule og eldreomsorg. Men samstundes er det slik at det frivillige lagslivet, som er blant det som betyr mest innan førebyggjande arbeid, kvart år må kjempa for ressursane når kommunane diskuterer tal og budsjett. Det er synd.

DEI NESTE
vekene og månadene er det faste, årlege arrangement som står for døra, slik som Bend it-cupen i Sagvåg og Handballfestivalen pinsehelga. Berre i Stord er det over 400 lag og organisasjonar som tilbyr mange ulike fritidsaktivitetar. I desse blir det lagt ned på hundretusenvis av dugnadstimar i løpet av eitt år. Somme bidreg meir enn andre, men dei fleste bidreg ¨på eitt eller anna vis, anten som trenarar eller bakarar. Utan dugnadsanda så stoppar samfunnet opp. Og me kan slå fast at dugnadsanda framleis lever i beste velgåande i alle våre kommunar.



Siste saker frå Sunnhordland.no

Går for ny rekord

Går for ny rekord

I fjor stilte rundt 50 til start. Laurdag er det håp om ny deltakar­rekord i triatlon.

Spennande nykomling

Spennande nykomling

Kontringskåte, Mathias Meltzer, kan bli ein nyttig joker i Stord si medalje jakt når seriemoroa brakar laus 13. september.


Livets glade gamlingar

Livets glade gamlingar

Sjekk kva Sunnhordland sin meldar meiner om "The Expendables 3" - med Sylvester Stallone i spissen!

No får dei leika med gutar

No får dei leika med gutar

Furuly barne­hage får pengar til å rekruttera ungdoms­skule­gutar.


Kårbø møter outsider i NM

Kårbø møter outsider i NM

Er tittel­forsvarar på Jessheim i helga. Stord-løparen ventar beinhard kamp om NM-gullet.

Sette foten ned for kontor­bygg

Sette foten ned for kontor­bygg

Stord kommune: – Det er manglar. Kurt Arne Tyse: – Som å skyta sporv med kanon.