Gå til artikkelen
Gruppa kallar seg "Energifrikane": Nora Håvik (f.v.), Jonas Helland, Sebastian Larsen, Johanna N. Hansen, Jonas Helland og Mette Mæland.

Til topps i fylkesfinalen

"Energifrikane" frå Gilje skule i Bømlo kommune er nominert vidare til nasjonal jury.

Publisert 28.03.2012 kl. 18.07. Oppdatert 29.03.2012 kl. 00.42.

I dag fekk Nora Håvik (f.v.), Jonas Helland, Sebastian Larsen, Johanna N. Hansen, Jonas Helland og Mette Mæland førsteplass i fylkesfinalekonkurransen for SMARTere Energi på Vil Vite i Bergen.
 

Førsteplass
75 elevar frå 15 ulike kommunar har vore samla for å presentera framtidige energiløysingar for dommarar frå næringslivet og fylkeskommunen.
 

Gode plasseringar
Fylkesfinalen i denne konkurransen har vore arrangert tre gongar tidlegare, og skular frå Sunnhordland har gått til topps alle gongene. I 2010 vann Huglo skule, i fjor vann Leirvik skule og i år Gilje skule.
– Eg er stolt over gründerkulturen i Sunnhordland, seier Nina Ø. Borrevik, prosjektleiar for Ungt Entreprenørskap i Sunnhordland.
 
 
Stolt lærar
– Me er sjølvsagt superstolte, elevane var veldig flinke til å presentera prosjektet sitt i dag. Det som eg tykkjer er kjekkast for deira del, er at dei har utvikla seg såpass mykje frå første gang dei presenterte til i dag, seier kontaktlærar Møyfrid Olsen ved Gilje skule.
 
 
Nasjonal finale
Ho fortel at dei no kryssar fingrane mot Oslo.
– Dei som vinn den nasjonale konkurranse får draumedag til Oslo 14. juni, det blir spennande å sjå, men eg veit ikkje når me får vite resultatet enda, seier Olsen.
 

Dramatisk
– Det var nervepirrande før me fekk vite at me vann. Rett før førsteplassen skulle annonserast, så gjekk brannalarmen. Me måtte stå ti minutt utanfor Vil Vite-senteret i Bergen, før me fekk komma inn at, seier Olsen.
 
 
Les meir i papiravisa.

Nett-TV

Zahl med hest

Zahl med hest

Glimt frå «Let the good times roll»

Glimt frå «Let the good times roll»

Her blir nedrykket eit faktum

Her blir nedrykket eit faktum

Refleksdagen 2014

Refleksdagen 2014

Siste saker Gå til framsida