Arrangøren håpar på høg partyfaktor.
I dag blei det klart at plateaktuelle Samsaya og bandet hennar skal spela på Arena fredag 20. april.
– Ho tek med seg ei energibombe av heftige rytmar og feite låtar som garantert vil setja fyr på dansegolvet, seier Håkon Vatle i Stordfest, som er arrangør av konserten.
For tida har låten "Breaking bad" høg rotasjon på P3. Samsaya blei fødd i India, men vaks opp i Noreg. Ho var nyleg med på Bertine Zetlitz-singelen "Electric Feet". I mai kjem ho ut med ny plate.
Vatle legg til at det også vert eit DJ-sett etter konserten.
Asbjørn Knutsen fekk ein liten nedtur på botanisk ekspedisjon på Fitjar.
Kristbjørg Haugen (67) har ikkje bestemt seg. Sjekk planane til andre stordabuar.