Etter iherdig dugnadsarbeid svingar gutane og jentene seg i diskoteket på Rommetveit.
På trappa utanfor Samhald sit ein gjeng som nett har vore på dansegolvet.
– Me dansar og me pratar, og så tullar me litt, seier Emilie Hansen Ueland (11) frå Leirvik skule.
Dansekonkurranse
– Det er dritkjekt! Det er gøy å dansa, rista seg laus. Eta godteri, imponera jentene, visa dei korleis dei skal dansa skikkeleg, fortel Lars Stokka (11) og Jarand Taraldsøy Rafdal (11) frå Langeland skule.
Emilie Hansen Ueland forsvinn inn i diskoteket att. Men kjem snart ut.
– No e da dansekonkurranse, vil dåke vera med?
– Ja, me kjem! seier gutane og forsvinn inn dørene.
Gammal travar
– Diskoteket er eit kjempetilbod for ungdommen. Eg veit ikkje om andre plassar på øya med eit tilsvarande tilbod, seier styreleiar i Samhald, Jonathan Zaneski.
Torsdagens diskotek var det første på seks månader, etter problem mellom anna med lyset og det elektriske anlegget i kjellaren. Etter iherdig innsats har diskoteket no starta opp att, nyoppussa og klart.
– Her kan det vera opp til 50-60 ungdommar i slengen på diskoteket, fortel Josefine Lunde (16) på vegner av ungdomsstyret i Samhald.
Saman med andre dugnadsvillige ungdommar og vaksne, har dei brukt dei siste månadene på å pussa opp kjellaren på Samhald. Med mellom anna nytt lys, møblar og nye fargar på veggene.
– Det har vorte mykje meir moderne her nede, seier Lunde.
Tidlegare kyrkje
Diskoteket på Samhald vert arrangert siste torsdagen kvar månad og er for 4. til 7.-klassingar på Stord, med ungdommar opp til 16-årsalderen i eit eige ungdomsstyre. Av tryggleiksmessige årsaker er det alltid vaksne til stades. Målet er å gje ungdommen eit godt fritidstilbod, samstundes som ein styrkar den framtidige dugnadsånda på Samhald.
Samhald er opphavleg ei kyrkje frå Skånevik, som vart flytta med lekter til Stord i byrjinga av 1900-talet. Bygget vert leigd ut til sosiale samkomer, alt frå bryllaup til barnedåp og konfirmasjon.
Jonathan Zaneski rosar den kraftige dugnadsånda kring Samhald og peikar særskild på støttemedlemskapa.
– Utan dei hadde ingenting av dette vore mogleg.
Skal du på revy i kveld? Her kan du lesa kva Sunnhordland meiner om årets utgåve av sommarrevyen på Stord.
Det gjer ikkje så mykje om det regnar om ein har eit stort og saftig bringebær i munnen.