Gå til artikkelen

Denne båten er bygd på Stord

Innsendaren lurer på kva rute båten gjekk i.

Publisert 12.04.2012 kl. 03.45. Oppdatert 16.04.2012 kl. 09.23.

Trebåt, bygd på Stord som ishavsskute med 80 hk Bolinder. Fekk namnet «Haugesund». Overtatt av Haugesund Motorskibsselskab og vart sett inn i trafikk i Sunnhordland.

Vart i 1923 kjøpt av Stadsbygdens Trafikkselskap og fekk namnet «Staværingen II». Gjekk i trafikk Rødberg-Trondheim. Skuta skifta motor to gonger. Seld i 1962 og bygd om til lastebåt. Vart sildelekter før ho gjekk ned i 1967.
 MS «Haugesund» vart bygd på Ottesen skibsbyggeri as i 1918 for Haugesund Motorskibsselskab i Haugesund. Ms «Haugesund» var av typen Sagvågskutter og var 85 fot lang. Skibsbyggeriet vart då dreve av Gunvald og Nils Andreas Ottesen som overtok verven i 1902 etter far deira Nils. Dei dreiv verven fram til 1955 til deira søner overtok.I dag er det fortsatt drift med restaurering og bygging av trebåtar på Jensaneset. 

Innsendaren av biletet fann dette i avisa «Finnmarken».
Artig viss nokon på Stord kjenner att denne båten og i kva rute han gjekk i, skriv han.

Nett-TV

Zahl med hest

Zahl med hest

Glimt frå «Let the good times roll»

Glimt frå «Let the good times roll»

Her blir nedrykket eit faktum

Her blir nedrykket eit faktum

Refleksdagen 2014

Refleksdagen 2014

Siste saker Gå til framsida