Sunnhordland

Eldsjel inn for landing

DENNE VEKA kom meldinga om at dagleg leiar Jan Morten Myklebust på Stord Lufthamn har levert oppseiinga si, etter 26 år. Han orkar ikkje meir. – Det er tungt å heile tida måtta gå til politikarane og be om pengar til drifta, uttala han til Sunnhordland torsdag.

ME KAN
godt skjønna mannen. Han har stått fjellstøtt i gode og vonde dagar for den lokale lufthamna. Og vonde dagar har det sanneleg vore nok av. Myklebust er truleg blant dei få - kanskje den einaste - flyplassjefen i verda som har måtta takla to flyulukker med dødeleg utfall på lufthamna si.

I 1998
omkom ni personar, då eit Cessna-fly med danske leigearbeidarar styrta i skogen, 300 meter frå rullebanen på Sørstokken. 10. oktober 2006 gjentok marerittet seg. Fire personar omkom då eit Atlantic Airways-fly med pendlarar frå Aker Kværner køyrde av rullebanen og tok fyr.

GJENNOM BEGGE
desse tragediane stod Myklebust opp og tok ansvar. Ikkje eitt einaste sekund prøvde han å stikka seg unna. Han gjorde seg tilgjengeleg for oss i pressa, til alle døgnets tider, og svara på alt me hadde av spørsmål - uansett kor ubehagelege dei måtte vera. Presseprisen han fekk frå Haugesund Journalistlag var høgst fortent.

NO VERT
det sett punktum for eit stort og sentralt kapittel i Stord Lufthamn si historie, og det trur eg selskapet skal få merka. Me vil ikkje gje Myklebust toppkarakter i alle fag - til det har den økonomiske situasjonen ved lufthamna vore for ustabil, med påfølgjande mangelfull rapportering til eigarane. Det er nok å kritisera han for. Men me trur styret skal leita både lenge og vel etter ein dagleg leiar som syner like stor dedikasjon og eigarskap til selskapet som han som no trer til side.

ME VIL
faktisk dra det så langt som at me trur lufthamna sin sjanse til å overleva i fem nye år er sterkt redusert gjennom Myklebust sin sorti, sjølv om politikarane stadig vekk opnar pengesekken og fjernar raude tal. Me kan sjølvsagt ta feil - noko me gjer støtt og stadig. Fasiten er det berre eigarane som har.



Siste saker frå Sunnhordland.no

Forlet Stord etter fem timar

Forlet Stord etter fem timar

"Albatros" tok farvel med nokre kraftige støyt i fløyta.

Turistane gjekk etter lappelukta

Turistane gjekk etter lappelukta

Tyskarane strøymde til Irgens tysdag ettermiddag, men det var ikkje nødvendigvis Gunnar Irgens sin teft for mote cruiseturistane var ute etter.


Såg etter minne frå krigen

Såg etter minne frå krigen

Monika og Matthias Kreuels hadde eit heilt spesielt mål då dei besøkte Stord kyrkje tysdag.

Vil ha folk med ut på tur

Vil ha folk med ut på tur

Ettermiddagen rundt Ådlands­vatnet var strålande. Barnas turlag har fleire turar på gang.


Flyplass-naboar vil ha svar

Flyplass-naboar vil ha svar

Har sendt purrebrev til flyplassen, kommunar, fylke­skommunen, Avinor og Statoil – etter manglande svar.

Ville ikkje gje naboen utsikt

Ville ikkje gje naboen utsikt

Huseigaren på Stord ville ikkje hogga trea, sidan naboen då ville få utsikt. Det argumentet la ikkje tingretten vekt på.