Gå til artikkelen
Aslaug Sætrevik (t.h) har 30 års fartstid på Cubus. Ho rundar snart 75 år, men har ikkje planar om å slutta. Her er ho fotografert på jobb saman med Marit Klingsheim. FOTO: HENRIK M. ANDREASSEN

Fin gamal årgang

Aslaug Sætrevik (74) kunne ha pensjonert seg for mange år sidan, men ho trivst for godt på jobb.

Publisert 13.04.2012 kl. 06.15. Oppdatert kl. 09.05.

– Eg likar meg veldig godt, eg har gode kollegaer, godt arbeidsmiljø, og så har me ledd mykje saman, fortel Sætrevik.

Dette seier ho er grunnar til at ho framleis tenar pengane sine hos Lars og Svein Klingsheim på Cubus på Amfi Stord.

1. desember 1981 byrja ho som julehjelp på Ø-senteret i Borggata, før dei fire år etter flytta opp til Amfi Stord og vart Cubus.

Aslaug Sætrevik fekk nyleg medalje for lang og tru teneste, ei utmerking for langvarig tilsetjing som vert delt ut av Det Kongelige Selskap for Norges Vel. Aslaug er truleg ei av få som har fått denne utmerkinga innanfor sin bransje.
– Ikkje mange i handel og service held ut så mange år, skryt Svein Klingsheim.

Han legg ikkje skjul på at han er stolt av medarbeidaren sin.

Fortid på hotell

Før jobba Aslaug i hotellbransjen i Gudvangen i Sogn og Fjordane, der ho er fødd og oppvaksen. Ho flytta til Stord då ho fann kjærleiken, og gifta deg med ein stordabu. Då ho byrja å jobba i klesbutikk var ho 41 år gamal. Då tok ho førarkort for å koma seg lettare til og frå jobb.

I dag jobbar ho rundt 60 prosent stilling, og stiller alltid opp dersom dei treng ekstra hjelp.

– Når me ringjer henne, så stiller ho nesten opp på sekundet, og ho ser godt kva som må gjerast i butikken, skryt Klingsheim.

Marit, kona til Svein Klingsheim, jobbar også på Cubus, og er veldig nøgd med Aslaug.

– Ho er blitt ein del av familien vår, og er ein del av oss på alle måtar. Eg kan ikkje tenkja meg å ikkje ha henne her, fortel Marit Klingsheim.

Sætrevik veit enno ikkje kva tid ho kjem til å gje seg, men ho har sjølv lyst å halda på så lenge som mogleg.

– Det er ikkje måte på kor lenge eg kan gå her i butikken, seier ho med eit smil.

Nett-TV

Ei studietid utanom det vanlege

Ei studietid utanom det vanlege

Dette meiner dei om gamle dagar

Dette meiner dei om gamle dagar

Petter (14) blei utfordra av Sunnhordland

Petter (14) blei utfordra av Sunnhordland

Jubileumskonsert i kyrkja

Jubileumskonsert i kyrkja

Siste saker Gå til framsida

Likar seg best innandørs

Fem på ein fredag: Denne veka har me spurd fem unge om kva dei gjer medan regnet høljar ned om hausten.