Sunnhordland

Vil tukta topplaget

Travel avslutningshelg.

Stordherrane innleia ei hektisk sesongavslutning ved å feia Fjellhammer av banen onsdag. I morgon står Kristiansund for tur på Vikahaugane. Med siger i den kampen byter dei to laga plass på handballtabellen. Stord avanserer til femteplassen i 1. divisjon.

Sundag ligg det an til eit skikkeleg bikkjeslagsmål og møte mellom tidlegare lagkameratar. Trenar Jesper Svensson og Bodø HK har lenge vore klare for neste års elitedivisjon. Den tidlegare stordtrenaren kan likevel venta seg eit møte med ein skikkeleg motivert stordgjeng.
Skalpen til serieleiaren heng høgt. Kampen inneber gjensyn også med dei tidlegare stordspelarane Magnus Kongestøl og Richard Olsson.












Siste saker frå Sunnhordland.no

På leit etter livet i strandkanten

På leit etter livet i strandkanten

Som ein del av naturfagopplæringa var fjerdeklassingane på Hystad skule på tur til Apalvikjo måndag for å leita etter liv i fjøra og spidda pølser i finvêret.

Fekk strengare straff

Fekk strengare straff

Gulating lagmannsrett har skjerpa straffa for ein mann i 20-åra frå Stord etter ei trafikkulukke på Heiane 9. april 2011.


Opna ny kongeleg leikehytte

Opna ny kongeleg leikehytte

Det skjer saker og ting på Solstråleøya.

Cupkamp i Stavanger

Cupkamp i Stavanger

SIF blir første utfordring for Stord.


Fekk bilen full av bier

Fekk bilen full av bier

Måndag kveld landa ein biesverm på ein av SKL sine montørbilar og slo seg til der.

Gulljenter frå Stord

Gulljenter frå Stord

Rannveig og Gunnhild Litlabø bidrog til norsk gull i Nordisk meisterskap i undervassrugby.