Ei kvinne ringte politiet då naboen gjekk laus på eit tre i hagen hennar.
Politiet fekk melding frå den lettare fortvila Stord-kvinna i 40-åra klokka 18.50 laurdag. Naboen, også han i 40-åra, ville saga ned eit tre i hagen hennar.
Mannen meinte treet skugga på eigedommen hans. Kvinna hadde akseptert at nokre greiner kunne fjernast, men ikkje heile treet.
Ein politipatrulje drog til staden for å mekla. - Mannen erkjente omsider at han hadde teke seg til rette, og det endte med at partane blei nøgde, skriv Svein Roald Vikse operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i loggen.
Det gjer ikkje så mykje om det regnar om ein har eit stort og saftig bringebær i munnen.
Revysjef Sigurd Sele gav alt i premieren på årets sommarrevy "Vaflar og Velstand."
Asbjørn Knutsen fekk ein liten nedtur på botanisk ekspedisjon på Fitjar.
Kristbjørg Haugen (67) har ikkje bestemt seg. Sjekk planane til andre stordabuar.