Sunnhordland

Fiskarane set motoren i revers når lettbåten nærmar seg.

Fiskarane set motoren i revers når lettbåten nærmar seg.

Ting bilete

Polakkar tekne etter fisketur

Kystvakta tok fire polakkar på fersken mens dei fiska tett inntil eit oppdrettsanlegg.

Dei fire fiskarane vil bli meldt til politiet etter den noko uvanlege fisketuren laurdag formiddag. Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.25 laurdag. Og det hjelper truleg lite å nekte. Kystvakta har nemleg festa det ulovlege fisket på foto og film.

Fekk det travelt

Oppdrettsanlegget ligg ca 500 meter i frå Spissøy. - Då me kom under brua såg med at dei fiska heilt inntil anlegget. Me sette ein lettbåt på sjøen. Då fekk dei det travelt og bakka bort frå anlegget, seier Roger Hoel som er skipssjef på KV Tor til Sunnhordland. Han fortel at dei var på ein navigasjonsøvelse då dei kom over fiskarane.

- Me har tidlegare fått melding frå oppdrettsanlegg lenger sør på Bømlo som har vore plaga av fiskarar som går innafor sikkerheitssonen, seier Hoel. Han presiserar at dei fire fiska tett inntil og ikkje oppi sjølve anlegget.

Fryktar rømmingar

Det er ikkje lovleg å fiska nærmare enn 100 meter i frå eit oppdrettsanlegg, og ikkje lov å ferdast nærmare enn 20 meter. - Me frykar at fiskeredskap skal setta seg fast i nota og gjera skade slik at ein får rømming av laks, seier Hoel Tre av fiskarane er fastbuande polakkar. Ein var på besøk frå Polen.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Får første del til kranen i dag

Får første del til kranen i dag

Kværner Stord nyttar sommaren til å reisa den nye tavernskranen.


Bom stopp for gigaløft

Bom stopp for gigaløft

Flytting av 170 tonn tung laksemerd stranda på grunt vatn.

Lovar ingenting konkret

Lovar ingenting konkret

Ordførar Wenche Tislevoll (H) seier at kommunen vil ta tak i IT-trøbbel på Øvrebygda, men lovar ikkje når.


Djupvik til topps i hesteskokast

Djupvik til topps i hesteskokast

Flotte forhold under «Sageneset Open».

Blodslit langs Lysefjorden

Blodslit langs Lysefjorden

Stordabuar deltok på ultraløp.