Om du ikkje alt har høyrt det, skal du vera god for å gjetta kor Morten Abel og resten av Mods spelte konsert i helga
Fleire tiår etter at bandet vart oppløyst, gjorde Mods ein høgst uventa comeback-konsert i helga.
Bandet som hadde sine glansdagar tidleg på 80-talet, med store hitar som "Tore Tang" og "Me to går alltid aleina", annonserte sitt comeback alt i fjor. Men dette skulle ikkje skje før i juni, når dei skal spela sin for lengst utselde konsert på Viking stadion.
Slik vart det altså ikkje.
Test for bandet
Fredag stod bandet nemlet samla på scena i ungdomshuset Samhald på Hatlestrand i Kvinnherad.
Ifølgje Aftenbladet.no var det totalt foto- og filmforbod i salen, og ingen pressefolk fekk koma inn. Avisa skriv også at konserten skal ha vore ein test for bandet, som eit første høve til å prøva songar med folk i salen før konserten på Viking stadion i sommar.
– Dei spelte alle dei store hitane sine, og det var god stemning, fortel ein av publikumarane til Sunnhordland.
Han anslår at det var oppmot 200 personar som fekk med seg den eksklusive konserten.
Inviterte vener og kjende
Åshild Eikeland Feimsteinvik i styret til ungdomslaget på Hatlestrand stadfestar overfor Sunnhordland at dei stod som arrangør for Mods-konserten fredag, og at festen kun var for inviterte.
– Korleis har det gått til at de har fått Mods til Hatlestrand?
– Det er på grunn av Arne Svare, som er manager i Stageway. Han er gift med ei som har tilknytning til Hatlestrand, og dei skulle feira 50-årsdag her laurdag. Då fekk me tilbod om å arrangera ein konsert fredagen, seier Eikeland Femsteinvik.
Ungdomslaget inviterte då først og fremst folk som på ulike vis er engasjerte i ungdomslaget, men også litt andre folk. Men ingen fekk vita kven som skulle spela på førehand.
Så godt som gratis
– Kva måtte de ut med for å få Mods til Hatlestrand?
– Nei, me heldt liv i dei, og heldt dei med mat og drikke, seier Eikeland Femsteinvik.
– Dei spelte for kost og losji?
– Ja, du kan vel seia det sånn, seier Eikeland Femsteinvik som synes det heile nesten var litt uverkeleg - og sjølvsagt veldig stas.
– Det skal noko til å toppa dette?
– Ja, det vert nok litt vanskeleg. Men det viser seg jo at det er ingenting som er umogleg.
Revysjef Sigurd Sele gav alt i premieren på årets sommarrevy "Vaflar og Velstand."
Asbjørn Knutsen fekk ein liten nedtur på botanisk ekspedisjon på Fitjar.
Kristbjørg Haugen (67) har ikkje bestemt seg. Sjekk planane til andre stordabuar.