Sunnhordland

Solid baksmell for Kvinnherad-firma

Byggekompaniet AS konkurs. 54 tilsette med usikker framtid.

Tysdag ettermiddag vart det offentleg kjent at Byggekompaniet AS i Kvinnherad hadde meldt oppbod, og at det var opna konkurs i Sunnhordland tingrett, med advokat Sverre Olav Handeland som bustyrar, melder husnesnett.no.

Ifølgje bustyraren skal det vera tap på fleire større oppdrag dei siste par åra som gjorde at bedriftsleiinga ikkje fann grunnlag for vidare lønsam drift, og meldte oppbod.

Selskapet har for tida oppdrag rundt om i heile landet. Over alt vert desse oppdraga no innstilte inntil vidare, til dess situasjonen vert meir avklart og ne eigarar eventuelt tek over.

Byggekompaniet AS hadde ved konkursopninga 54 tilsette på løningslista. Tidleg torsdag morgon er desse kalla inn til møte med bustyraren, melder den lokale nettstaden.






Siste saker frå Sunnhordland.no

På leit etter livet i strandkanten

På leit etter livet i strandkanten

Som ein del av naturfagopplæringa var fjerdeklassingane på Hystad skule på tur til Apalvikjo måndag for å leita etter liv i fjøra og spidda pølser i finvêret.

Fekk strengare straff

Fekk strengare straff

Gulating lagmannsrett har skjerpa straffa for ein mann i 20-åra frå Stord etter ei trafikkulukke på Heiane 9. april 2011.


Opna ny kongeleg leikehytte

Opna ny kongeleg leikehytte

Det skjer saker og ting på Solstråleøya.

Cupkamp i Stavanger

Cupkamp i Stavanger

SIF blir første utfordring for Stord.


Fekk bilen full av bier

Fekk bilen full av bier

Måndag kveld landa ein biesverm på ein av SKL sine montørbilar og slo seg til der.

Gulljenter frå Stord

Gulljenter frå Stord

Rannveig og Gunnhild Litlabø bidrog til norsk gull i Nordisk meisterskap i undervassrugby.