Sunnhordland

Hadde narkotika i skoa

Stordabu (41) vart teken med amfetamin i skoa. No må han i fengsel.

Ein 41 år gammal mann frå Stord må no 10 månader i fengsel, etter å ha vorte dømt for ei rad brotsverk etter narkotikalovgjevinga. Han har hatt både heroin, hasj og amfetamin i ulike mengder.

Mange punkt
Mannen innrømma skuld på alle punkt då saka gjekk for Sunnhordland tingrett tidlegare i månaden. Tiltalen inneheld mange punkt. Mellom anna vart stordabuen teken med nokre gram amfetamin i skoa ei oktobernatt i 2010.


Hasj
I tillegg vart han teken med 300 gram hasj på seg ved eit anna høve. Då gøymde han stoffet under kleda slik at ikkje politiet skulle finna det. Denne mengda hasj har ein verdi på om lag 30.000 kroner på den opne marknaden.


Dårleg heroin
Sunnhordland tingrett meiner det mest alvorlege brotsverket er kjøp av om lag 18 gram heroin i Bergen i januar i år. Då politiet ransaka bilen fann dei stoffet, som dei sendte til analyse hjå Kripos. Stordabuen forklara i retten at abstinens hadde ført til at han tok turen til Bergen med ein kamerat.
– Heroinen var av dårleg kvalitet, sa han i retten.

Formildande
Tingretten meiner det er formidlande for dommen at stordabuen har innrømma brotsverka, og meiner også det er formildande for ham at fleire av punkta er gamle saker.
41-åringen får frådrag i straffa på 110 dagar, som er den tida han har sete i varetekt. Han fekk dommen lesen opp i fengselet.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Grev for betre internett

Grev for betre internett

Tvillingar nytta bursdagen til grøftegraving.

Trailer mista last i tunnel

Trailer mista last i tunnel

Hastigheita sett ned i Bømlafjordtunnelen.


Trekkjer seg til sides

Trekkjer seg til sides

Har leia selskapet i over 20 år.

Har teke steget til topps

Har teke steget til topps

Oscar Ingebrigtsen (71) frå Stord er blitt valt til president for Den norske klubben på Gran Canaria.


Død mann identifisert

Død mann identifisert

Var den sakna Laurynas Kuliesius frå Litauen som vart funnen død i Storavatnet.

Dataforretning råka igjen

Dataforretning råka igjen

Mann (34) pågripen etter innbrot hos SunnIT.