Biletet av Andreas Bergsvåg på Sæbø Gard er det beste lokalavisbiletet i 2011.
Det meiner juryen i Landslaget for lokalaviser (LLA), som under helgas årsmøte i Kristiansand gav prisen "Årets lokalavisfoto" til Sunnhordland og fotojournalist Marius Knutsen.
– Dette er det første biletet eg tok til reportasjeserien frå Sæbø Gard. Kjemien mellom desse to ligg langt utpå kjeledressen, seier Marius Knutsen, som tok biletet med eit fast 35 millimeter objektiv.
Knutsen var på Sæbø gard i tre veker i samband med bacheloroppgåve i fotojournalistikk ved Høgskulen i Oslo. Reportasjeserien vart trykt i Sunnhordland 13. mai i fjor, og har og stått på trykk i VG Helg.
– Det gjekk to dagar, så hadde dei som jobbar på Sæbø gard gløymt at eg gjekk omkring og tok bilete, fortel Knutsen, som i dag arbeider i VG.
Ansvarleg redaktør Magne Kydland i Sunnhordland, er svært nøgd med at avisa gjekk til topps i tevlinga. Biletet vann fram i konkurranse med over 200 andre bilete.
– Å vinna pris er alltid stor stas. Nivået på bileta i mange lokalaviser er på eit svært høgt nivå, seier han.
Saman med Åse Røgenes og Lena Herland Eide i avisa, kunne Kydland ta i mot prisen. I fjor vann avisa pris for layout, og i 2009 fekk fotograf Per Egil Larsen prisen for årets lokalavisbilete i 2008.
– For oss er det veldig inspirerande å motta prisar. Det er ei verdsetjing av vårt arbeid, seier han.
Dalane Tidende vart kåra til årets lokalavis. Askøy-væringen og Solabladet fekk heiderleg omtale, medan Hallingdølen fekk marknadsprisen.
Ordførar Wenche Tislevoll (H) seier at kommunen vil ta tak i IT-trøbbel på Øvrebygda, men lovar ikkje når.