Gå til artikkelen

Røykjepause på fjellturen

Kvilte ut i vårsola.

Publisert 23.04.2012 kl. 03.45. Oppdatert 24.04.2012 kl. 09.17.

I sist veke hadde me bilete av gymnaslærarar klare for fjelltur, og i dag tek med eit av nokre elevane som rastar medan dei tek seg ein blås. «Kalle» Isachsen, Kjell Olav Skaret, Jakob Gullberg og Arne Bådsvik. Frå skuleåret 1962-63.
Me har fått kommentar frå Arne Bådsvik, ein av elevane på biletet.
 Det var jo svært populært med den vårlege gymnasturen til fjells. Eg trur faktisk me gjekk frå¨Fitjar til Fjellstovo. Fin tur for friske ungdommar. Eg trur ikkje me hadde med snop eingong !!
 Det skulle ikkje så mykje til den gong, fri frå skulen og frisk luft var premiering god nok.

Eg har jobba i ungdomsskulen på Sola i 40 år, og jobbar fortsatt full stilling som inspektør og sosiallærar. Sjølv om ungdommane i dag er litt meir skeptiske til fysiske utfordringar, så er det fantastisk å arbeide saman med dei. Alt snakk om at dei var så mykje betre før, er stort sett tullprat.  

Den gongen

Kjenner du deg igjen?

Medan debatten om torg- og kaiområde går, mimrar Den gongen-spalta seg tilbake då drosjane fylte torget.

Nett-TV

Juletretips med Knutsen

Juletretips med Knutsen

Kom i julestemning med politikarane

Kom i julestemning med politikarane

Husplanar møter sterk motbør

Husplanar møter sterk motbør

Difor vil ho ha park på kaien

Difor vil ho ha park på kaien

Siste saker Gå til framsida