Sunnhordland

"Stord 1" får 1.290.000 kroner frå Riksantikvaren. (Arkivfoto: Magnhild C.H. Steinsland)

"Stord 1" får 1.290.000 kroner frå Riksantikvaren. (Arkivfoto: Magnhild C.H. Steinsland)

Milliondryss til veteranbåtane

Riksantikvaren har opna lommeboka.

DS "Stord 1" er eitt av fleire lokale veteranfartøy som har fått løyvd søknaden om ein bit av kaka når Riksantikvaren deler ut dei årlege 42 millionar kronene til fartøyvern. I år har det komme inn søknader for til saman 194 millionar kroner.

 

På lista over fartøy frå Hordaland er følgjande inne i varmen hos Riksantikvaren:

  • MS "Bjørn-West", 150.000 kroner
  • MF "Folgefonn", 1.325.000 kroner
  • MS "Granvin", 500.000 kroner
  • MS "Midthordland", 1.070.000 kroner
  • MF "Skånevik", 1.000.000 kroner
  • DS "Stord 1", 1.290.000 kroner
  • MS "Vestgar", 650.000 kroner
  • Samarbeidsrådet for Vest- og Sørlandet (verneplanen SAVOS), 440.000 kroner.
 

Fartøya i Hordaland fekk totalt tildelt 6.425.000 kroner.

 

– Noreg er ein stolt kystnasjon og desse skipa er ein viktig del av vår maritime historie, seier riksantikvar Jørn Holme i ei pressemelding.

 

For at eit fartøy skal kunne få tilskot, er det særskild to forhold som peikar seg ut: Det eine er den kulturhistoriske relevansen fartøyet har for norsk, maritim verksemd. Det er andre er den fysiske tilstanden på fartøyet og graden av autentisitet, står det i meldinga.

 

I mars delte kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune ut 880.000 kroner til restaurering av gamle båtar. Mest gjekk til dei to ferjene "Folgefonn" og "Skånevik", som fekk 100.000 kroner kvar. Les meir om det på fylket sine nettsider her.

I fjor vart "Granvin" freda. I år får fartøylaget ein halv million kroner i støtte frå Riksantikvaren. (Arkivfoto: Ingvild Sjo)

I fjor vart "Granvin" freda. I år får fartøylaget ein halv million kroner i støtte frå Riksantikvaren. (Arkivfoto: Ingvild Sjo)






Siste saker frå Sunnhordland.no

Stord gjekk på trynet igjen

Stord gjekk på trynet igjen

Stord og Jesper Traberg gjekk på sin tredje, stygge nasestyvar på rad, då Bodø vart for sterke på Vikahaugane.

Frifunnen for forsikrings­svindel

Frifunnen for forsikrings­svindel

Politiet meinte kvinna hadde meldt eit falskt innbrot for å få forsikrings­­pengar. Tingretten er ikkje overtydd, og har frifunne kvinna.


Kraftig provosert over lønsauke

Kraftig provosert over lønsauke

Svanhild Hermansen og Nina Grønås Engelsen fekk sjokk då dei fekk høyra kor mykje kommune­toppane i Stord gjekk opp i løn. Sjå video!

Turnarane var først ut

Turnarane var først ut

Her er historia om den eldste idretten i 100-årsjubilanten Stord IL.


Sender kamera til himmels

Sender kamera til himmels

Stordabu Sigfred Stangeland har ein høgt­­­svevande hobby. Sjå dei fantastiske bileta frå drone­­­videoen!

Slik forsvarar ordføraren lønsauken til toppsjefane

Slik forsvarar ordføraren lønsauken til toppsjefane

– Me må ta igjen etterslepet, seier Eskeland.