Har sendt ny bøn om pengestøtte.
Stord kommune søkte i juni i fjor Helse- og omsorgsdepartementet ved statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen om fem millionar kroner årleg i fire år i støtte til BRA-prosjektet. BRA står for Behandling, rehabilitering og arbeid.
Bak prosjektet står kommunen, dei største industriverksemdene i regionen, Fellesforbundet Sunnhordland, LO Hordaland, NHO Hordaland, Høgskulen Stord/ Haugesund og NAV Sunnhordland. No viser det seg at søknaden har forsvunne i samband med bombinga av regjeringskvartalet 22. juli 2011.
Kommunen har difor sendt søknaden på ny.
Skiforbundet sende landslagstrenaren til Føyno etter at Aker Solutions på Stord blei tildelt friskhetsambassadørprisen i fjor.
Ordførar Wenche Tislevoll (H) seier at kommunen vil ta tak i IT-trøbbel på Øvrebygda, men lovar ikkje når.