Politiet etterlyser eigar av større pengebeløp som vart funnen tysdag.
Tysdag ettermiddag fekk politiet melding frå ei ærleg sjel om at ho hadde funne eit større pengebeløp på ein tursti ved Skjersholmane.
Politiet etterlyser no eigar av desse pengane, som vert beden om å kontakta Stord lensmannskontor på 53402800.
Få opplysningar
Stord-lensmann Bernt Norvalls seier dei ikkje vil gje så mange opplysningar om funnet, av di dei vil at eigaren av pengane skal gje opplysningane til dei.
- På den måten kan me sikra at rette eigar dukkar opp, seier Norvalls.
Ros
Han roser vedkommande som fann pengane for å ha levert dei til politiet. Politiet har ikkje mistanke om at pengane var lagt der i samband med ein narkotikahandel.
Omfattande skadar på skule, og innbrot i kafé.
Frisørelevane på Stord vgs. hadde ein dårleg hårdag. No er tilbodet historie.