Sunnhordland

Sofie Øvstebø og Solid J13 spelte seg fram til B-finale i 2008-utgåva av Handballfestivalen. Der vart Askøy slegne 5-3. I år kan stordhandballen gleda seg over ny deltakarrekord for dette storarrangementet. 
ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Sofie Øvstebø og Solid J13 spelte seg fram til B-finale i 2008-utgåva av Handballfestivalen. Der vart Askøy slegne 5-3. I år kan stordhandballen gleda seg over ny deltakarrekord for dette storarrangementet. ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Handballfestivalen sprengjer ny grense

– Eg har vore med på dette arrangementet i tolv år. Aldri tidlegare har eg opplevd maken til pågang.

Kjartan Grov tek den fine tilstrøyminga til festivalen som eit kompliment som alle involverte kan ta til seg.

– Ja, det må jo vera det beste beviset på at me har fått ting til å fungera. I løpet av mine tolv år i arrangementskomiteen har eg opplevd å få med 236 lag. Eg trur det var i 2006. I dag har me ei deltakarliste som viser 270 lag som vil vera i sving på Vikahaugane pinsehelga. Det er veldig bra, seier Grov.

Overnatting for 2500

Arrangementskomiteen si tøffaste oppgåve vert å finna overnattingsplass til dei rundt 2500 som treng det.

– Me har jo eit håp om at skulane kan sleppa oss til i enno større grad enn tidlegare. Det må også tenkjast litt nytt. Kanskje barnehagar kan vera eit overnattingsalternativ, antydar Grov.

Han ser det også som litt av ei utfordring å få vaktkabalen til å gå opp.

– Folk har jo vore flinke til å stilla opp, men det er trong for mange vakter både i sjølve arrangementet og ved overnattingsstadene. Men eg har god tru på at dette skal me få til, fastslår Grov.

Frå utlandet

I år som tidlegare år kjem storparten av laga frå Bergen og Hordaland elles. I fjor var utlandet for første gongen representert. Utanlandsk deltaking vert det også i år, fastslår Grov.

– I år som i fjor vert det med eit par danske lag. Om det er dei same to laga som tek turen ein gong til eller om me får andre, veit eg faktisk ikkje, seier festivalsjefen som reknar med ein totalomsetnad på rundt to millionar kroner for 2012-festivalen.



Røyst på tidenes idrettsutøvar







Siste saker frå Sunnhordland.no

Starta barnehage etter kall frå Gud

Starta barnehage etter kall frå Gud

Kjersti Karlsen har fått hjelp til å velja kva veg ho skal ta i livet.

Full fyr i regnvêret

Full fyr i regnvêret

Dei hadde bestilt finvêr i Landåsen laurdag føremiddag. I staden fekk Internasjonal Kulturklubb ein tur i øsande regn. Fyr på bålet fekk dei også


Korar for Lothepus

Korar for Lothepus

Tøffingen frå Hardanger trong kor. Bestilte Storm Weather Shanti Choir.

Åtvarar mot steinleggjarar

Åtvarar mot steinleggjarar

Skatt Vest ber deg seia nei til useriøse aktørar som vil leggja stein på stein.


Ho tok abort som 17-åring

Ho tok abort som 17-åring

Magdalena From Delis opplevde det som eit val mellom pest eller kolera, då ho blei gravid som 17-åring. No vil ho ha ein offentleg samtale om temaet abort, utan fordommar.

Rusa kvinne kom med ferja

Rusa kvinne kom med ferja

Blei sendt rett i arresten.