Gå til artikkelen

Arbeidsløysa går ned

Reduksjon i heile Sunnhordland.

Publisert 26.04.2012 kl. 19.05. Oppdatert kl. 19.12.

Arbeidsløysa er på veg nedover i distriktet. Frå mars til april har det vorte 11 færre arbeidslause i dei sju kommunane i NAV sin statistikk. Størst reduksjon finn ein på Stord, der det er 29 færre personar som er arbeidsledige i april enn i mars.

Likevel er det no 100 fleire arbeidslause i Sunnhordland denne aprilmånaden, samanlikna med same periode i fjor. Totalt er det 2,6 prosent arbeidsløyse i Sunnhordland, som er 0,5 prosent høgare enn snittet i Hordaland på 2,1 prosent. Det syner statistikk frå NAV.

Det er til saman 239 personar som er permittert, av desse er 146 heilt permittert og 93 delvis permittert.  Dette er 88 færre enn mars 2012 og 98 fleire enn april 2011.

Sunnhordland har ein andel på 35,8 % av alle som er permittert i Hordaland.  Dette er ein nedgang på 3,1 % frå mars 2012, syner statistikken vidare,

Nett-TV

Latter og brek på Stuva

Latter og brek på Stuva

Odin (15) vil bli stor i motocross

Odin (15) vil bli stor i motocross

Her er våre kommande brannmenn

Her er våre kommande brannmenn

Vil ut av campingvogna

Vil ut av campingvogna

Siste saker Gå til framsida