Sunnhordland

I ei russeulukke på Sørlandet for nokre år sidan velta russebilen, og flasker med 96 prosent sprit vart tømt over eit glovarmt stereoanlegg. Fleire russeungdommar brann i hel inne i bilen. Dette biletet er frå trafikkdagen i 2008, då ein bilbrann vart demonstrert. FOTO: PER EGIL LARSEN

I ei russeulukke på Sørlandet for nokre år sidan velta russebilen, og flasker med 96 prosent sprit vart tømt over eit glovarmt stereoanlegg. Fleire russeungdommar brann i hel inne i bilen. Dette biletet er frå trafikkdagen i 2008, då ein bilbrann vart demonstrert. FOTO: PER EGIL LARSEN

Ting bilete

Trafikk på timeplanen

I dag står trafikken på dagsordenen for 900 elevar ved Stord vidaregåande skule.

– Eg trur dagen kan by på sterke opplevingar for mange og einkvar, seier Per Ove Sercan Husevik.

Realistisk innsyn
Han er prosjektansvarleg for trafikkdagen «t 15-24», som i år går av stabelen for femte gongen. Prosjektet har teke namnet etter aldersgruppa som er mest utsette i trafikken.
– Dette er Stord vidaregåande skule sitt prosjekt, i samarbeid med redningsetatane og politiet, seier Husevik.

Han tykkjer prosjektet, sidan oppstarten i 2004, har gjeve elevane eit godt og realistisk innsyn i dei mange og viktige aspekta rundt trafikk og tryggleikstenking, seier han.

Kollisjon
I dag vil elevane blant anna få demonstrert ein kollisjon i 80 km/t. Brannstellet vil også setja fyr på ein bil, for å illustrera korleis det artar seg. Og ikkje minst så vil elevane få treffa ein trafikkskadd ungdom.
– I samband med det vert det ei minnemarkering over omkomne i trafikken i vårt distrikt, fortel Husevik.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Lovar kamp for private barnehagar

Lovar kamp for private barnehagar

Sigbjørn Framnes (Frp) vil gje fritak for eigedomsskatt til dei private barnehagane.

Vedtok plan om E 39

Vedtok plan om E 39

Håpar på byggjestart neste år.


– Avvika i BUP er alvorlege

– Avvika i BUP er alvorlege

Direktør for psykisk helsevern, Kenneth Eikeset, har ein plan for å løysa utfordringane knytt til BUP Stord/Kvinnherad.

Fargerik skuleslutt

Fargerik skuleslutt

Markerte Munch og at det no er sommarferie.


Fekk landslagstrenar i premie

Fekk landslagstrenar i premie

Skiforbundet sende landslagstrenaren til Føyno etter at Aker Solutions på Stord blei tildelt friskhetsambassadørprisen i fjor.