Sunnhordland

Robert Skogvold fortalde elevar i vidaregåande skule om korleis ulukka snudde opp ned på livet hans. Og kor stort det var å klara å pussa tennene sine sjølv igjen. Kvardagen etter ulukka har vore trening og trening, og då han for første gong etter ulukka skulle klara å leggja seg sjølv, bruka han tre timar. FOTO: PER EGIL LARSEN.

Robert Skogvold fortalde elevar i vidaregåande skule om korleis ulukka snudde opp ned på livet hans. Og kor stort det var å klara å pussa tennene sine sjølv igjen. Kvardagen etter ulukka har vore trening og trening, og då han for første gong etter ulukka skulle klara å leggja seg sjølv, bruka han tre timar. FOTO: PER EGIL LARSEN.

Ting bilete

Bilturen snudde om på livet

Robert Skogvold (22) skulle berre ein kjapp tur til Leirvik. Han kom til Heiane. Så hamna han i rullestol og måtte læra å pussa tennene på nytt.

– Å ta sjølv ein liten sjanse, kan få utruleg store konsekvensar, seier Robert Skogvold.

Det veit han alt om. Ein aprilkveld i 2011 skulle han ein kjapp tur til Leirvik. Farta var litt for stor, og ferda enda i skogen på Heiane.

Robert var passasjer, og berga så vidt livet.

I går, på trafikkdagen, snakka han framfor 900 elevar frå vidaregåande skular i Sunnhordland om korleis livet kan snu dramatisk i løpet av sekund.

Her kan du sjå video frå trafikkdagen.

Fisking og snowboard
Før ulukka var Robert Skogvold ein aktiv ung mann, med jobb i Sunnhordland kraftlag og mange interesser.

Han levde livet med fisking, snowboard, skateboard og mekking på bil. No sit han i rullestol, lam frå brystet og ned. Armane fungerer, men berre så vidt.


Livet i rullestol
Han kjenner litt i høgre stortå og i høgre okle. Oppover armane kjennest det ut som nokon har hatt ein brennmanet eller brennesle.

– Korleis er det å sitja i rullestol? Jo, det er eit fantastisk hjelpemiddel. Men det er tungt. Eg har nedsett styrke og lungefunksjon, og lågt blodtrykk. Ein liten oppoverbakke, og det startar å svimla for meg. Og sidan eg ikkje kan gripa skikkeleg med nevane, så er det vanskeleg å bremsa og å bruka han i regnvêr, forklarar 22-åringen, som no har flytta heim til foreldra som har tilrettelagt huset.

I dagens papirutgåve av Sunnhordland kan du lesa meir om livet til Robert. Du du kan og lesa kor sterkt inntrykk han sitt foredrag gjorde på elevane.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Tok han heilt ut

Tok han heilt ut

Skal du på revy i kveld? Her kan du lesa kva Sunnhordland meiner om årets utgåve av sommarrevyen på Stord.

Braut seg inn i Stolmastova

Braut seg inn i Stolmastova

Tok seg ein blund og salmebøker.


Bringebærfarmen

Bringebærfarmen

Det gjer ikkje så mykje om det regnar om ein har eit stort og saftig bringebær i munnen.

Mista lappen etter herjing

Mista lappen etter herjing

Ung mann fekk vera bilførar i ni månader. Så var det slutt.


Løfta stemninga i taket

Løfta stemninga i taket

Revysjef Sigurd Sele gav alt i premieren på årets sommarrevy "Vaflar og Velstand."

Sommarhelg i Sunnhordland

Sommarhelg i Sunnhordland

Dei fleste stader får mellom 15 og 20 grader, seier meteorologen.