Sunnhordland

Ting bilete

Trur på uendra rente

Hallgeir Isdahl trur Norges Bank held styringsrenta uendra

Direktør i SPV Markets, Hallgeir Isdahl, biletet, trur Norges Bank ikkje endrar på rente på sitt neste rentemøte torsdag 10. mai.

– Etter eit noko overraskande rentekutt på førre rentemøte trur me no at Norges Bank held styringsrenta uendra på 1,5 prosent, seier Isdahl, som mellom anna viser til at veksten globalt truleg vert svakare enn ein trudde.
Rentekuttet ved førre krossveg vart grunngjeve med lågkonjunktur internasjonal og sterk kronekurs, og difor måtte ein ty til rentekutt for å halda inflasjonen og veksten nede.

Sidan førre rentemøte har situasjonen i Europa blitt verre, og fleire land melder at dei er i ein teknisk resesjon. Uroa i finansmarknadene stig, og fleire av dei gjeldstynga landa i Sør-Europa må betala meir i kredittpåslag. Det fører til at også den politiske uroa aukar som følgje av den økonomiske uroa, meiner Isdahl - som samstundes viser til at her i Noreg ser det meste lyst ut.






Siste saker frå Sunnhordland.no

På leit etter livet i strandkanten

På leit etter livet i strandkanten

Som ein del av naturfagopplæringa var fjerdeklassingane på Hystad skule på tur til Apalvikjo måndag for å leita etter liv i fjøra og spidda pølser i finvêret.

Fekk strengare straff

Fekk strengare straff

Gulating lagmannsrett har skjerpa straffa for ein mann i 20-åra frå Stord etter ei trafikkulukke på Heiane 9. april 2011.


Opna ny kongeleg leikehytte

Opna ny kongeleg leikehytte

Det skjer saker og ting på Solstråleøya.

Cupkamp i Stavanger

Cupkamp i Stavanger

SIF blir første utfordring for Stord.


Fekk bilen full av bier

Fekk bilen full av bier

Måndag kveld landa ein biesverm på ein av SKL sine montørbilar og slo seg til der.

Gulljenter frå Stord

Gulljenter frå Stord

Rannveig og Gunnhild Litlabø bidrog til norsk gull i Nordisk meisterskap i undervassrugby.