Sunnhordland

Omar Zahl-Pettersen meiner at vedtaket om tidleg ultralyd bryt med så viktige prinsipp at han har gått ut av partiet. FOTO: PER EGIL LARSEN

Omar Zahl-Pettersen meiner at vedtaket om tidleg ultralyd bryt med så viktige prinsipp at han har gått ut av partiet. FOTO: PER EGIL LARSEN

Melder seg ut av SV

Dei profilerte SV-politikarane Omar Zahl-Pettersen og Jorge Del Pino protesterer mot ultralydvedtaket.

SV sitt landsmøte vedtok 21. april det omstridde forslaget om tidleg og frivillig ultralyd for alle kvinner. Det har fått tre lokale SV-ar til å melda seg ut av partiet. To av dei, Omar Zahl-Pettersen og Jorge Del Pino, har vore profilerte politikarar.
– Eg har meldt meg ut fordi eg meiner vedtaket om tidleg ultralyd strider mot prinsippet om ulike menneske og like moglegheiter, seier Omar Zahl-Pettersen til Sunnhordland.

Han har vore medlem av Stord SV i om lag ti år, har leia lokallaget, sete i kommunestyret og vore miljøpolitisk ansvarleg i Hordaland SV. I denne perioden er han vara i kommunestyret.
– Eg vil møta i kommunestyret på vegner av Stord SV, eg er jo ein stor tilhengar av lokallaget, seier Zahl-Pettersen.

 

Trumfa gjennom
Omar Zahl-Pettersen meiner vedtaket om tidleg ultralyd blei trumfa igjennom.
– Eg meiner at alle har moglegheit i dag til å gjennomføra tidleg ultralyd om dei vil. Det kostar mindre enn eit tannlegebesøk eller ein tur på byen. Men det er feil at staten skal setja dette i system. Me ser kva som har skjedd i Danmark. Her har 90 prosent av fostra med Downs syndrom blitt abortert bort. 100 prosent av dei kortvokste. Eg vil ikkje vera med på å sortera bort menneske, seier Zahl-Pettersen.

 

Lei seg
Han presiserer at han ikkje kritiserer den enkelte, og at han er tilhengar av fri abort.
– Men eg meiner at oppgåva vår er å tilretteleggja. Ikkje å velja bort, seier Zahl-Pettersen, som peiker på at avvik som ein kan oppdaga ved tidleg abort er mellom anna ryggmergsbrokk og Downs.
– Men ingen av desse inneber at du vil ha eit dårleg liv. Eg klarar ikkje å følgja tankegangen, seier Zahl-Pettersen.

 

Å melda seg inn i eit anna parti er ikkje tema.
– Eg er forferdeleg lei meg fordi eg har meldt meg ut av SV, seier Omar Zahl-Pettersen.

 

Har sett sortering
– Eg er sosialist, vil vera sosialist og vil døy som sosialist, seier Jorge Del Pino.
Men også for han var vedtaket om tidleg ultralyd dråpen som fekk begeret til å renna over.
– For meg kan alle gjera som dei vil me sin kropp. Men eg vil ikkje vera med på sortering. Pinochet dreiv med sortering i Chile, Hitler gjorde det og ein gjorde det i apartheid-regimet i Sør-Afrika, seier Del Pino.

 

Han har vore med i SV sidan 1993.
– Eg støtter mine parti-kameratar på Stord 100 prosent. Dei gjer ein kjempejobb. Men å vera med i eit parti som vil sortera menneske – nei takk, seier Del Pino.
– Ser du bort frå at du kan komma til å melda deg inn igjen?
– Det kan eg ikkje sei. Dersom partiet utviklar seg tilbake til «gamle SV» der barn og unge, og like moglegheiter for alle, stod i sentrum, så kanskje, seier Jorge Del Pino.

 

Tre av ti utmeldingar
Leiar i Stord SV, Signe Ekeland, stadfester at lokallaget har fått tre utmeldingar.
– Den første veka etter vedtaket var det landsbasis komme ti utmeldingar. Tre av dei var her. Reaksjonane har vore sterke hos oss, seier Ekeland, som opplever at partiet og lokallaget er delt på midten i saka.
– Eg synest dette er kjedeleg og beklageleg at folk melder seg ut. Dei ynskjer å markera sitt syn i ei sak. Eg er sjølv motstandar mot tidleg ultralyd, men vil jobba innanfor partiet, seier Ekeland.

Ho peiker på at Omar Zahl-Pettersen har sagt at han framleis vil delta på gruppemøta.
– Det er ei markering inn mot det sentrale SV, seier Ekeland.
Stord SV har ikkje gjort noko formelt vedtaket i synet på tidleg ultralyd.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Elleville Trott-jenter til semifinale

Elleville Trott-jenter til semifinale

Trott J17 er klare for semifinale i A-sluttspelet i Dana Cup etter ein dramatisk kamp mot svensk motstand.

Slik varmar han vatn

Slik varmar han vatn

Terje Grov er ikkje rådlaus. Med vasspreiar og solvarma takstein, lagar han varmt vatn til bassenget.


Skjerpar sikringsnivået i hamna

Skjerpar sikringsnivået i hamna

Kystverket hevar det maritime sikringsnivået i alle norske hamneanlegg med umiddelbar verknad.


Sjekkar damer med sixpence

Sjekkar damer med sixpence

Birk Selsvold har det travelt under Dana Cup.

Lyktestolpe fall på bil

Lyktestolpe fall på bil

Lastebilførar gløymde å ta ned kranen på bilen. Reiv ned lyktestolpe.