Sunnhordland

Det vil verta dyrt å reparera både skade i rute og bulk i drosjebilen til Kjell Larsen. Han kallar det simpelt å gjera noko sånt. FOTO: OLAV RØLI

Det vil verta dyrt å reparera både skade i rute og bulk i drosjebilen til Kjell Larsen. Han kallar det simpelt å gjera noko sånt. FOTO: OLAV RØLI

Drosja knust av vandalar

Dette synet møtte Kjell Larsen då han skulle ut med drosja fredag morgon.

Den store drosjebilen hadde stått parkert utanfor heimen hans i Hamnegata natt til fredag.

Då han kom ut fredag morgon var den eine ruta knust, og det var ein bulk i sida. På sida låg det fleire steinar.

– Dette er simpelt, seier Kjell Larsen i Leirvik Taxi.

Jyplingar
Skadane er berekna til over 20.000 kroner, som han reknar med å betala sjølv. Å ta det på kaskoforsikringa vil ikkje løna seg.

Larsen mistenkjer at det ramp som har vore på ferde. Ein nabo av han såg nemleg to ungdommar gå forbi i eitt, halvto-tida natt til fredag.

– Det var to unge jyplingar. Naboen høyrte og eit smell, som kan vere då dei knuste ruta, seier han.

Dei to ungdommane skal ha gått vidare oppover bakkane etter smellen.

Melda til politiet
Larsen oppmodar no dei to om å ta kontakt med han, slik at dei kan få gjort opp for seg. Han veit førebels ikkje om han vil melda saka til politiet.
– Eg veit ikkje om det er noko vits, seier han.
Stord-lensmann Bernt Norvalls oppmodar Larsen om å melda slike forhold. Sjølv om ho ikkje vil bli høgt prioritert.
– Orsaka er todelt. For det første så vil ein ikkje få eit korrekt bilete av kriminaliteten om folk ikkje melder saker til politiet. For det andre så kan me få ei rask oppklaring av saka, om dei mistenkte har vore på ferde andre stader eller på andre tidspunkt, og me klarar å knytte dei sakene saman, seier Norvalls.






Siste saker frå Sunnhordland.no

To dagars ordinasjonsfest

To dagars ordinasjonsfest

Biskop Halvor Nordhaug var på sitt første oppdrag i Kvinnherad då Lina Håland vart ordinert til sokneprest.

Hevda seg i Birken

Hevda seg i Birken

Alexander Horneland og John Tislevoll Almås sykla inn til sterke tider i årets Birkebeinerritt.


Vart første mann til mølla

Vart første mann til mølla

Torstein Tengsareid hoppa over målstreken som første mann til mølla.

Sigra i nøkkelkampen

Sigra i nøkkelkampen

Simen Grov blei dagens matchvinnar på Vikahaugane.


Nytt tap for handballherrane

Nytt tap for handballherrane

Også i dag blei det eitmålstap for Stord, men denne gongen var det mot Bodø.

No ventar finalehelg i hovudstaden

No ventar finalehelg i hovudstaden

Stord sitt jenter 13-lag vann i dag kvartfinalen i Adidas Cup.