Sunnhordland

Erlend Grov gjorde kort prosess i innspurten for to år sidan. I sundagens Stord rett opp kan det bli reprise på klatreduellen med Oddmund Roalkvam. ARKIVFOTO

Erlend Grov gjorde kort prosess i innspurten for to år sidan. I sundagens Stord rett opp kan det bli reprise på klatreduellen med Oddmund Roalkvam. ARKIVFOTO

Avviser ikkje ny klatreduell

Fotballspelaren Erlend Grov vurderer deltaking på Stord rett opp.

– Eg har litt sansen for slike arrangement. Er eg ikkje på banen i 90 minuttar mot Nest Sotra, vurderer eg å stilla til Stord rett opp sundag.

Erlend Grov er ein av få lokale aktørar som har sett fleirårig NM-vinnar Oddmund Roalkvam til veggs. Det skjedde i første utgåva av Stord rett opp for to år sidan.
– Den gongen danna me ein tetduo. Eg fekk avgjort duellen heilt på slutten, men registrerte jo at Oddmund tok ein knusande revansje i fjor. Då sette han ny rekord ved å gjera unna den tøffe distansen på 26.06.

 

Tvilar på ny siger
Grov fekk vinnartida 29.28 året før.
– Med andre ord slo han mi tid med over tre minuttar. Det gjer at eg tvilar på at eg vil gå sigrande ut av ein tilsvarande duell i år, seier Vard-spelaren som dagen i førevegen vil vera oppteken med 2. divisjonsspel.
– Ja, me møter Nest Sotra på bortebane laurdag. Eg er i utgangspunktet i startoppstillinga, men vert eg plukka av banen før tida, vil eg sterkt vurdera å stilla i løpet sundag, seier Erlend Grov.

 

Usikker Roalkvam
Heller ikkje Oddmund Roalkvam kan garantera at han stiller ved Stordafjellet sundag.
– For tre dagar sidan drog eg på meg ein lårskade. Eg måtte faktisk gå frå resten av treningsøkta. Det kjennest ikkje bra ut, men rettar ting seg fram mot sundagen så stiller eg, seier han.
– Smerten er størst når eg strekkjer ut låret. I og med at det sundag skal handla om motbakkar treng ikkje problemet vera så stort, men eg bør føla meg nokonlunde skadefri før eg stiller, forklarar Roalkvam.

 

Neste helg går turen til Gøteborg.
– Det vert nærast ein familietur. Planen er å delta i halvmaraton, men blir eg ikkje kvitt skaden kan eg ikkje leggja for mykje i det, sluttar Roalkvam.
Arrangøren har fått ei uventa utfordring. Snøen ligg nemleg i eit par mindre parti av løypa. Ein del av denne er alt fjerna. No håpar dei at resten vil smelta. Distansen er på i underkant av fem kilometer med start frå foten av Stordafjellet før det er målgang ved Kattnakken.



Røyst på tidenes idrettsutøvar







Siste saker frå Sunnhordland.no

Stem på tidenes friidrettshelt

Stem på tidenes friidrettshelt

Røystinga held fram til andre påskedag. Kven fortener den gjæve tittelen?

MS «Raana» sokk

MS «Raana» sokk

Bergingsoperasjonen slo feil og ferja sokk i ettermiddag utanfor Kristiansund.


Blei vise med avis

Blei vise med avis

Klasse 7B ved Rommetveit skule leste Sunnhordland i ei veke og svara best på quizen etterpå. Slik blir det pengar og pizza av.

Ikkje berre underhaldning

Ikkje berre underhaldning

Les kva sunnhordland.no sine meldarar tenkjer om oppfølgjaren av animasjonsfilmen "Rio".


Fann revyartist på Facebook

Fann revyartist på Facebook

Revygjengen i Kulleseidkanalen fekk hjelp av sosiale media då dei trong friskt blod i staben.

Trua vaktene

Trua vaktene

Mann vist vekk frå utestad i Leirvik i natt.