Telenor får låna ledig fiberkapasitet.
– Me har funne ei mellombels løysing, sånn at alle fastnettkundar skal vera oppe. I tillegg er mobildekninga sterkt betra, seier Anders Kroka, informasjonssjef i Telenor til Sunnhordland.
Den mellombelse løysinga kom i stand i samarbeid med lokale kraftselskap.
– Me har fått låna ledig fiberkapasitet, og er veldig takksame for den hjelpa me har fått der, seier Kroka.
Ei permanent løysing på problemet vil ikkje koma før om nokre dagar.
– Fiberskipet som skal retta dette opp kjem tysdag, og me vil då ha fullt trykk på å få på plass den permanente løysinga, seier Kroka.
Skal du på revy i kveld? Her kan du lesa kva Sunnhordland meiner om årets utgåve av sommarrevyen på Stord.
Det gjer ikkje så mykje om det regnar om ein har eit stort og saftig bringebær i munnen.