Konkurransetilsynet la lok på årelang strid.
Konkurransetilsynet sitt pålegg om å droppa samarbeidet mellom Boreal Transport og Tide Buss om Kystbussen på strekninga mellom Stavanger og Bergen, er oppheva.
Anka
Avgjersla frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet blei kjent måndag morgon. Saka har versert i fleire år etter at Konkurransetilsynet i 2007 påla Boreal Transport Sør (tidlegare Veolia) og Tide Buss å avslutta samarbeidet med tilvising til konkurranseloven sin paragraf 10.
Konkurransetilsynet meinte at samarbeidet om Kystbussen kunne ha som formål å avgrensa konkurransen på strekninga, og at gevinsten dermed ikkje kom passasjerane til gode. Dei samarbeidande selskapa var usamde i det og anka avgjersla.
Ikkje gyldig
– Kystbussen har køyrd i heile perioden sidan Konkurransetilsynet sitt pålegg, fordi vedtaket ikkje kunne sjåast på som gyldig før departementet hadde sagt sitt. Ekspressbussrutene mellom Stavanger og Bergen er svært populær og den ruta i Noreg som transporterer flest passasjerar, skriv konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal Transport Norge AS og adm. direktør Roger Harkestad i Tide Buss AS i ei pressemelding.
I 19 år
Kystbussen starta opp i 1993 og konkurrerer i dag med buss, snøggbåt og to ulike flyselskap på strekninga. Departementet gir selskapa medhald i at privatbil er ein konkurrent, og at det er gevinstar ved at dei to selskapa samarbeidar.
– Det gjelder både i utnyttinga av personell og materiell, og ikkje minst ved at ein unngår tomkøyring, skriv dei to leiarane.
– Er letta
– Både Boreal Transport og Tide Buss uttrykkjer at selskapa er letta over at departementet endeleg har teke en avgjersle, og at denne går i selskapa sin favør. Det har teke lang tid å greie ut saka, og selskapa har brukt mykje tid og ressursar på å belysa denne, står det i pressemeldinga.
Ordførar Wenche Tislevoll (H) seier at kommunen vil ta tak i IT-trøbbel på Øvrebygda, men lovar ikkje når.
Stygg mobbing med fysisk skade på Øvrebygda skule tysdag kveld. Politiet vart ikkje tilkalla.
Ordførar Wenche Tislevoll (H) vil utnytta vindparken mest mogleg.
Festivalsjef Haakon Vatle reiser til Toronto for å syngja inn SS «Sørlandet» under Tall Ships Race..