- Lars Mæland
Tidlegare artiklar
- Å springa Monopol
11.05.12 - Hand i hand med Hanne
27.04.12 - Sjokk på sjokk
20.04.12 - Å bli biten av basillen
29.03.12 - På tur over Grønland
22.03.12
Å springa Monopol
Har konkurrenten som eig gata fått tid til å byggja hotell på Rådhusplassen, må du ut med svimlande 20.000 kroner for ein kjapp stopp. I alle fall er det prisen i den utgåva av Monopol som er i heimen. Etter slitasjen å døma, er det ei utgåve som har sett sine beste dagar. Men som like fullt funkar.
Blir med ein viss respekt eg står på Rådhusplassen 22. september. Dyraste stoppestad i Monopol. Plassen der det heile startar. Spent på om nokon kjem og krev meg for pengar når eg slår meg til på ein så rådyr plass.
Skal bli eit syn med tusenvis av forventningsfulle kvinner og menn, klare til å leggja ut på sine mange kilometer i hovudstaden. Og jodå. Arrangøren har saktens kravd sitt, i form av startpengar. Ei investering i eiga helse, tenkjer eg kanskje der eg står i flokken av småtrippande løparar, spente på eiga form og på slitet som ventar.
Det var Dine Penger som sette meg på ideen. Ikkje om å springa marataon, meir presist halvmaraton, men om å spela Monopol. Er du lei av å tapa i spel, spurde økonomibladet ved påsketider. Og gav råd og vink til dei som er nettopp det: Leie av å tapa i spel.
«Dine Penger viser deg hvordan du kan slå familie og venner i Monopol.
* Beste investering: Oransje gater
* Dårligste investering: Grønne gater
* Ringgata er beste investering»
No har eg ikkje tenkt å investera så veldig mykje på Oslo-turen. Ikkje anna enn bruk av eigne krefter, så lenge det er krefter å bruka. Like fullt vil tanken melda seg der eg sig gatelangs i dorgefart. Viss dette no gjaldt å vinna i Monopol, kva er eit lurt trekk?
«Lyseblå er taktisk kloke», fastslår Dine Penger. Ekspertar skal ein lytta til. «Det er ikke bare forventet avkastning som teller. Du må også vektlegge investeringskostnaden.»
Kjem til å tenkja på det når eg spring i den taktisk kloke Kongens gate, som attpå til skal opplevast to gonger på halvmaraton, fire for dei på heil. Skal også kjempa meg gjennom den like lyseblå og dermed taktisk kloke Prinsens gate.
«Spillet blir ofte avgjort i sin tidlige fase av husbyggingen. Og istarten er det ofte lite penger å bygge hus for. »
Trur eg byggjer meg eit hus i Kongens gate, før nokon av dei andre kjem på same tanken. Håpar ei slik god investering ikkje heftar meg så mykje.
Karl Johans gate kjem så seint i løpet, at då går det sikkert ikkje fortare enn at eg kan byggja både hus og hotell i den gule gata. Om eg då ikkje skulle ha krefter til ein aldri så liten sluttspurt før målgang på Rådhusplassen. Korleis det ligg an der då kan kosta dyrt i Monopol, og vil vera avgjerande for resultatet av spelet det er å springa maraton. Men utan å våga, er det vanskeleg å vinna.


