Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

BØMLO - FITJAR - KVINNHERAD - STORD - TYSNES

Sinte bønder

NORSKE BØNDER er kjende for å vera sindige, rolege og kanskje litt trauste. Men no er dei sinte. Måndag var lokale bønder ute og aksjonerte. Størst merksemd fekk bøndene i ein av Hordaland sin største landbrukskommune, Kvinnherad. Der fekk ordføraren ei mjølkesprengd ku på trappa på rådhuset på morgonkvisten, noko som førte til stor mediemerksemd. På Stord og andre stader var lokale bønder ute og køyrde sakte med traktorane sine. Og i går byrja folk å hamstra brød.
 

BØNDENE YNSKJER å markera at dei ikkje finn seg i å endå ein gong tapa inntekter, og dei treng sjølvsagt media for å nå ut med bodskapen sin. Det var på laurdag at bondeorganisasjonane braut forhandlingane med landbruksministeren før dei var komme i gang. Bøndene meiner dei ikkje kan ta ansvar for ein jordbruksavtale som ikkje tek Stortinget sitt vedtak om auka matproduksjon på alvor. Stortinget har nemleg slått fast at norsk matproduksjon skal auka, og at inntekt er viktigaste verkemiddel for å nå målet om auka produksjon i takt med folkeauke og for å sikra rekrutteringa til primærnæringa. Bøndene finn det difor provoserande at tilbodet frå staten er 13.000 kroner per årsverk, medan andre grupper får 17.000. Dette kjem på toppen av bøndene sitt enorme inntektstap dei siste tiåra.
 

I 1985 kosta ein liter mjølk 5,79 kroner i butikken. Bonden fekk 2,58 kroner av dette. 25 år seinare kosta den same mjølkekartongen det tredoble, medan bonden sat att med under det doble. Bøndene hamnar på sidelina og får om lag 10 prosent av total prisauke. Dette trass i at kostnadene deira har stige like mykje som elles i landet. Dette fører til at stadig færre bønder kan leva av det dei produserer, og stadig fleire gardsbruk vert kvart år nedlagde i Noreg - også i Sunnhordland. Produksjon av norsk kjøt, mjølk og andre landbruksprodukt går ned, og me må importera meir.
 

DET EINASTE norske bønder ynskjer er ei inntektsutvikling slik som folk flest, og det kan ikkje vera for mykje forlangt. Kva om ingen lenger orkar produsera maten? Me skjønnar godt bøndene sin frustrasjon over "si eiga" regjering, og støttar difor aksjonen deira. Dette handlar ikkje berre om pengar. Det handlar også om å sikra eit landbruk over heile landet, trygg mat til forbrukarane og ikkje minst å sikra nærare 100.000 arbeidsplassar landbruk og næringsmiddelindustri.

[ Publisert: 16.05.12 ]

Del på e-post Skriv ut

Biletserie

8. klasse på fjelltur

A-Å