Gå til artikkelen
Rikard Norling vil ha Hillestad tilbake på Brann-trening om to-tre veker. Her frå treninga onsdag. Foto: VEBJØRN S. BJØRKÅS

Vil sjå meir av Hillestad

Morten Hillestad er ferdig med sin første trenings­periode med Brann. No vil Brann-trenar Rikard Norling ha stordabuen på prøvespel igjen om to-tre veker.

Publisert 03.07.2014 kl. 13.57. Oppdatert kl. 14.22.

Stord-angriparen har akkurat vore i møte med sportsdirektør Roald Bruun-Hanssen og Rikard Norling. Dei er nøgde med det Hillestad har levert, og vil sjå meir av 23-åringen.

– Dei sa eg hadde hatt ei stigande formkurve desse treningsdagane, og at eg var mykje betre i dag enn eg var første dagen. Det er vel naturleg når ein kjem rett frå trening i 2. divisjon at det tek litt tid å tilvenna seg tempoet. Om to-tre veker reiser eg oppatt for å køyra same løpet som eg har hatt desse dagane. Då får eg vite den endelege avgjersla, seier Hillestad.

Blant kvalitetane Norling skrytte over, var hans gode auge for mål, eksplosivitet og aggressive spelestil. Det fekk han vist på treninga i dag.

Morten Hillestad på Brann-trening. Her med Birkir Mar Sævarsson i ryggen. Foto: VEBJØRN S. BJØRKÅS

– Me hadde ein skotkonkurranse på trening der eg kom på andreplass bak Erik Huseklepp. Det var artig. seier Hillestad.

 

Amin Askar: – Han minner litt om Wayne Rooney

 

No gler han seg til å sjå Brann-gjengen igjen.

– Det er ein fantastisk fin gjeng, og har teke både meg og Stian (Nygard) godt imot. Alt frå stjernespelarar til ungguttar har vore greie, seier Hillestad.

 

Hillestad rettar no fokuset mot Stord sin kamp mot Lyn laurdag, og skal på trening med kvittrøyene allereie klokka seks i ettermiddag.