Gå til artikkelen

Tomrommet

– Å VERA MOR når du har mista eit barn, det er nesten ubeskriveleg forferdeleg. Den kjensla du går med, i lang tid, er rett og slett ei fysisk smerte. Og det er ingen måte å lindra det. I den tida tenkte eg at «no må eg få sleppa. Denne smerta orkar eg ikkje.» Då hadde eg mange tankar om kva i all verda eg skulle leva vidare for. Det er ikkje slik at ein lever for andre, at dei andre tar over når ein går bort. Så enkelt er det ikkje, seier Tone Innvær.

Ifølgje Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe (UAG) hadde alle dei fem involverte i dei tre bilane på seg bilbelte då ulukka skjedde.

For fem år sidan, 12. september 2010, opplevde ho alle foreldre sitt verste mareritt.

 

 

I bubilen, av merket Weinsberg, sat eit par på 59 år, som var på veg heim til Bryne. Føraren av bubilen har forklart at alt skjedde så fort at han ikkje rakk å bremsa då Magnus sin Ford Mondeo kom imot dei.

MAGNUS INNVÆR PEDERSEN skulle berre ein snartur innom hybelen sin, før han skulle besøka kjærasten i Sagvåg, då ulukka skjedde.

 

Det unge paret skulle feira at dei hadde vore kjærastar i eitt år. Det var kjærleik i lufta. Men også regn, og vegbanen var våt.

 

Ifølgje Statens vegvesen sin interne ulukkesrapport, var Magnus midt på Ådland bru då han mista kontrollen over bilen. Bakenden på bilen slengde ut, og han skrensa over i motgåande køyrefelt, der ferjetrafikken frå Sandvikvåg kom imot.

 

Den første bilen han trefte, var ein grøn Volkswagen Golf. Samanstøyten førte til store skader på Golfen, som roterte 180 grader, og blei ståande mot si eiga køyreretning på sperrefeltet.

 

Magnus sin Mondeo skrensa vidare, og låg på tvers av vegen då det small igjen. Mondeoen trefte ein kvit bubil i fronten. Krafta frå bubilen kasta Mondeoen inn i autovernet, der bilen blei ståande i klem.

 

Fire personar i 50-åra kom lettare skadde frå ulukka. Rett over midnatt blei 19 år gamle Magnus Innvær Pedersen erklært død.

 

TONE INNVÆR VAR i Stavanger då ho fekk høyra om ulukka. Ein overlege frå Stord sjukehus ringde og fortalde at sonen hennar var på veg med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. Situasjonen var alvorleg, sa han. Men det var først då ho sjølv kom til Haukeland, og møtte resten av familien som venta der, ho forstod kor alvorleg det var.

 

– Då eg kom til intensiven, møtte eg søskenbarnet mitt som er overlege. Eg smilte slik eg alltid gjer når eg møter folk. Men han smilte ikkje tilbake, fortel Tone.

 

I staden sa han at ho måtte førebu seg på det verste.

 

– Det såg ikkje bra ut. Men eg hadde framleis eit håp. For me hadde hatt ei liknande ulukke i familien tidlegare, der ein 18 år gammal gut låg i koma i tre veker, og blei heilt fin igjen, seier Tone.

 

Men det var ikkje håp for Magnus. I realiteten var han alt hjernedød, og blei berre halden kunstig i live for at organa skulle kunna donerast.

 

Dei neste dagane var Tone prega av sjokk og vantru. Ho ordna det praktiske fram mot gravferda, samstundes som ho sleit med å tru at det verkeleg var sant at sonen var død.

 

– På ein merkeleg måte blei eg veldig fokusert på gravferda, og det som skulle skje. Alt gjekk veldig fort, fortel Tone.

 

 

Den første bilen Magnus trefte, var ein Volkswagen Golf. I bilen sat eit par på 55 og 57 år, på veg heim frå Bergen til Haugesund.

DET ER STORE variasjonar i talet på drepne i trafikken kvart år, men hovudtrenden er heilt klar: Dei siste tiåra har talet om lag blitt redusert med to tredelar, frå 560 drepne i toppåret 1970. I 2010 var Magnus Innvær Pedersen ein av 208 personar som mista livet i trafikken i Norge. Året etter døydde 168 personar, medan 145 personar mista livet på norske vegar i 2012.

 

For første gong på fleire år steig talet igjen i 2013, med eit dødstal på 190 personar. I fjor var derimot talet kraftig redusert, til 152 drepne i trafikken.

 

Dei elleve første månadene i år har tala vore rekordlåge. Mot eit gjennomsnitt på 186 døde dei ti siste åra, er det «berre» 100 personar som har mista livet i trafikken i denne perioden i år.

 

– Me skal vera varsame med å leggja for mykje vekt på resultat på kort sikt, men desse tala kan tyda på at me er tilbake på ein langsiktig nedadgåande trend. Det er godt å sjå. Samstundes veit me at eit kvart tapt liv i trafikken er eitt for mykje. Alle me som har mista nokon i trafikken, veit kva sorg, sakn og smerte det inneber, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen då han oppsummerte trafikktala tidlegare i haust.

 

Dei siste vekene har derimot vore mørke som få. I alle fall i vårt distrikt. I løpet av to korte desemberveker mista tre personar livet i trafikken i Sunnhordland. Først mista ein 49 år gammal mann livet i Sveio, før to menn på 51 og 47 år omkom med berre to dagars mellomrom på Halsnøy. Det set tydeleg preg på små lokalsamfunn.

 

– Det kjem som eit sjokk når to personar forsvinn på så kort tid, på ein så meiningslaus måte, seier Peder Sjo Slettebø.

 

 

Magnus Innvær Pedersen blei berre 19 år.

Han er ordførar i Kvinnherad, og bur sjølv på Halsnøy. Han fortel at heile øysamfunnet er skrekkslagent etter dei bråe dødsfalla.

 

– Det gjer noko med stemninga. Alt blir med ein gong mykje meir dempa. Folk har behov for å snakka saman på ein anna måte enn elles, og er flinke til å setja pris på kvarandre. Det vil utan tvil prega julefeiringa på øyane våre, seier Sjo Slettebø.

 

SJØLV OM OMSTENDA er ulike frå ei ulukke til den neste, er det også mange fellestrekk, fortel psykologspesialist Unni Marie Heltne, som er dagleg leiar for Senter for Krisepsykologi.

 

– Det som ofte skil ulukkene, er kor vidt det er nokon som er skuld i det som har skjedd. Somme køyrer av vegen fordi det er glatt, eller dei er uoppmerksame ei kort stund, medan andre ulukker skjer fordi andre menneske gjer feil. Det kan vera vanskeleg å handtera for dei pårørande. Menneskeskapte dødsfall er generelt vanskelegare å takla enn det som berre skjer, utan at nokon kan noko for det, seier Heltne.

 

 

Tapet av sonen Magnus har sett preg på Tone Innvær. Sjølv om ho taklar kvardagen, og lever eit godt liv, har ho ikkje opplevd den sterke lukkekjensla sidan ulukka i 2010.

I oppfølginga av dei pårørande gjeld det i første omgang å visa omsorg, før ein også kan hjelpa til å roa det verste sjokket, ifølgje Heltne.

 

 

– På sikt, når den første nummenheita slepp taket, er det viktig at nokon tar kontakt. At nokon stikk innom og ser korleis det går, og om det er behov for praktisk hjelp, seier Heltne.

 

Ho meiner det er menneska rundt som må ta ansvar for å strekka ut ei hand, og ikkje venta på at vedkommande som er råka sjølv skal ta kontakt.

 

– All erfaring tilseier at det er betre å bry seg litt for mykje, og heller tola å bli avvist. Det er langt betre enn å vera for varsam. Eit stort fleirtal opplever det som mykje vanskelegare. Ein skal ikkje vera så redd for å bry seg, seier Heltne.

 

 

Lenge etter ulukka styrte Tone Innvær unna vegstrekninga med Ådland bru.

HEIME I LØNNINGSÅSEN stablar Tone Innvær sofaputene sirleg på plass. Ho rettar litt på duken på bordet, og ser til at alle kantane er jamne.

 

– Det hender framleis eg får eit glimt av den vantrua eg kjende på etter ulukka. Sjølv no, etter fem år, kan det vera vanskeleg å forstå at det verkeleg er sant at Magnus er vekke, seier Tone.

 

Den første tida etter ulukka var ho utrøysteleg.

 

– Eg orka ikkje å snakka med nokon og eg orka ikkje å ha folk rundt meg. Men dersom eg ikkje hadde folk rundt meg, var det også ille. På jobb stod eg på som ein maskin, heilt til det ikkje gjekk lenger, seier Tone.

 

Jula var også ei tung tid for mora og resten av familien, berre tre månader etter at 19 år gamle Magnus mista livet.

 

– Eg forstår enno ikkje korleis eg klarte det, og kan med handa på hjartet seia at eg ikkje koste meg den jula. Det var eit reint helvete å komma seg gjennom. Samstundes var det andre å ta omsyn til, som også sørgde. Mellom anna hadde eg nettopp fått eit barnebarn. Men eg klarte ikkje å ta meg av han, seier Tone.

 

Sjølv om det no er fem år sidan, og ho har lært seg å leva med saknet, er sorga der framleis.

 

 

Peder Sjo Slettebø merkar at stemninga har endra seg i bygda, etter at to personar frå Halsnøy og Fjelberg nyleg omkom i to trafikkulukker med berre få dagars mellomrom.

– Ho er ikkje altoppslukande, slik ho var. Men eg har aldri forstått begrepet om å bearbeida sorga, for det er ikkje noko du gjer bevisst. Det er noko tida og omstenda gjer for deg. Eg synest framleis det kan vera vanskeleg å snakka om Magnus. Særleg første gong eg møter nokon eg ikkje har sett sidan Magnus levde. Då har eg veldig lett for at tårene kjem, at eg blir heilt oppløyst. Eg trur ikkje folk skal vera så redde for at den som sørgjer tar til tårene. For det kan vera veldig godt, sjølv om det kanskje ikkje er den perfekte situasjonen når du møter nokon midt på eit kjøpesenter. Men det betyr eigentleg ingenting, seier Tone.

 

For henne har det vore viktig å halda humøret oppe, og bruka humor i kvardagen, sjølv om somme dagar er tyngre enn andre.

 

– Ein kan ikkje berre gå rundt med gravalvoret. Det lever uansett sitt eige liv. Etter kvart som tida går, blir det meir tid til andre, kjekke ting. Det å gjeld å kunna samlast for å snakka om personen som er vekke, og dra fram dei gode minna, seier Tone.

Psykolog- spesialist Unni Marie Heltne meiner det er betre å bry seg for mykje enn for lite, og heller tola å bli avvist.

Desse har mista livet i trafikken:

Ei oversikt som Statens vegvesen har laga for Sunnhordland viser at det er 21 personar som har mista livet i trafikkulukker i vårt dekningsområde dei siste ti åra. Det finst fleire grunnar til at somme ulukker ikkje er definert som trafikkulukker, og dermed ikkje er med her. Det gjeld til dømes ulukker der føraren har hatt «illebefinnande» eller der føraren alt er død når kollisjonen skjer. I tillegg er sjølvvalte ulukker tekne ut.

 

23.07.2005: Ein 20 år gammal mann døydde då han køyrde av vegen på motorsykkel i Kvinnherad, i Ølve sentrum. Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka, som skjedde klokka 05.50. Vegen var tørr og det var god sikt. Fartsgrensa var 50 km/t.

 

 

11.11.2005: Ein tre månader gammal gut mista livet på Stord, i ei møteulukke mellom to personbilar på Stua. Eit spedbarn, som blei forløyst på Stord sjukehus etter ulukka, mista også livet. Dei tre kvinnene som sat i bilen, var alle ungdommar, og blei alle alvorleg skadd. Den 45 år gamle mannen som sat i den andre bilen kom frå ulukka med lettare skader. Ulukka skjedde klokka 15.00, med våt vegbane og god sikt. Fartsgrensa var 60 km/t.

 

09.05.2006: Ein 21 år gammal mann omkom då han køyrde av vegen og inn i ein fjellvegg i Kvinnherad, mellom Reset og Porsvik. Ulukka skjedde klokka 15.06, med tørr vegbane og god sikt. Fartsgrensa var 60 km/t.

 

20.06.2006: Ei 27 ?r gammal kvinne mista livet i ei møteulukke mellom ein personbil og ein trekkbil med semitrailer på Stord, ved Jektavik. Ulukka skjedde då personbilen kom over i motgåande køyrefelt. Føraren av den andre bilen, ein 33 år gammal mann, kom uskadd frå ulukka, som skjedde klokka 07.00. Det var tørr vegbane og god sikt. Fartsgrensa var 80 km/t.

 

12.08.2006: Ei 52 år gammal kvinne mista livet då ho sykla ut frå ein privatveg og ut i hovudvegen på Meling på Bømlo, der ho kolliderte med ein personbil. Den 26 år gamle mannlege bilføraren blei ikkje skadd. Ulukka skjedde 13.50. Det var tørr vegbane og god sikt. Fartsgrensa var 60 km/t.

 

16.12.2006: Ein 20 år gammal mann mista livet på Agdestein på Stord, då bilen han førte kolliderte med to bilar som kom i motgåande køyrefelt. To 16 ?r gamle kvinner som sat på med 20-åringen blei alvorleg skadd. Sju personar i dei to andre bilane kom frå ulukka med lettare skader. Ulukka skjedde klokka 09.48, og det var snø og is på vegen. Fartsgrensa var 80 km/t.

 

Det er viktig å kunna le. Utan humoren trur ikkje Tone Innvær at familien hadde klart seg etter ulukka.

12.09.2007: Ein 41 år gammal mann omkom då han mista kontroll på motorsykkelen i ein sving, og sklei inn i fronten på ein buss i Kvinnherad. Føraren av bussen, ein 38 år gammal mann, kom uskadd frå ulukka, som skjedde klokka 16.05. Vegbanen var tørr og det var god sikt. Fartsgrensa var 80 km/t.

 

25.02.2008: Ein 87 år gammal mann til fots omkom då han blei påkøyrd av ein personbil på Korsneset i Kvinnherad. Den 50 år gamle kvinna som førte bilen kom uskadd frå det. Ulukka skjedde klokka 06.15, med våt vegbane og dårleg sikt. Fartsgrensa var 60 km/t. 

 

19.10.2008: Ein 25 år gammal mann mista livet då han køyrde av vegen og ut i sjøen på Sunde i Kvinnherad. Den mannlege passasjeren, som også var 25 år, blei lettare skadd. Det var ikkje andre køyretøy involvert. Ulukka skjedde klokka 04.45. Det var våt vegbane og mørkt ute. Fartsgrensa var 50 km/t.

 

20.04:2010: Ein 22 år gammal mann på motorsykkel mista livet då han blei påkøyrd av ein bil som brått køyrde ut i vegen på Stord. Den 75 år gamle kvinna som førte bilen kom uskadd frå ulukka, som skjedde klokka 12.37. Det var tørr veg og god sikt. Fartsgrensa var 70 km/t.

 

12.09.2010: 19 år gamle Magnus Innvær Pedersen mista livet då han mista kontroll over bilen, og kolliderte i to bilar i motgåande køyrefelt på Stord.

24.11.2011: Ein 45-åring frå Sveio omkom då han kolliderte med ein bil med tung last på ein tilhengjar. Føraren av den andre bilen, ein 41 år gammal mann, kom uskadd frå ulukka. Ulukka skjedde klokka 17.37. Det var tørr veg og god sikt. Fartsgrensa var 80 km/t.

 

04.01.2012: Ein 56 år gammal mann mista livet då han køyrde av ei bru, og hamna i elva på Ænes i Kvinnherad. Bilen var ein trekkbil med semitrailer, og det var glatt på vegen. Mannen var åleine i bilen, og det var ingen andre involverte. Ulukka skjedde klokka 21.33. Det var mørkt ute. Fartsgrensa var 60 km/t. 

 

25.01.2013: Ei 24 år gammal kvinne omkom då bilen ho sat i kom over i motgåande køyrefelt, og kolliderte med ein lastebil på Vistvik i Fitjar. I bilen var det også to born på fire og seks år, som begge blei skadd. Føraren av lastebilen, ein mann på 45 år, kom uskadd frå det. Ulukka skjedde klokka 18.30. Det var snø på vegen og mørkt ute. Fartsgrensa var 80 km/t.

 

28.02.2013: Ein 47 år gammal mann og ei 10 år gammal jente mista livet, då lastebilen dei sat i køyrde av vegen ved Ådland bru på Stord. Det var ingen andre køyretøy involvert. Ulukka skjedde klokka 03.40. Det var snø på vegen, og dårleg sikt. Fartsgrensa var 70 km/t.

 

10.12.2015: Ein 51 år gammal mann mista livet då han køyrde i veggen i Halsnøytunnelen. Det var ingen andre køyretøy involvert, og mannen var åleine i bilen. Det er framleis uklart kva som forårsaka ulukka.

 

12.12.2015: Ein 47 år gammal mann på moped omkom på Halsnøy i Kvinnherad, i ei ulukke der også ein bil var involvert. Det er framleis uklart kva som forårsaka ulukka.

 

15.11.2011: Ei 49 år gammal kvinne omkom då bilen ho sat i kolliderte med ein lastebil med påhengsvogn i Bømlafjordtunnelen. Den 26 år gamle mannen som førte lastebilen kom uskadd frå det. Ulukka skjedde klokka 01.16. Det var våt vegbane og god sikt. Fartsgrensa var 80 km/t.