Gå til artikkelen
Mamma Nusrat Zafrin (32) bur på Heiane asylmottak saman med barna Nafiz (4) og Nishat (7). Sjølv er ho muslim, og feirar ikkje jul, men ho har ingenting imot å vera med på norske tradisjonar no når dei har flytta til Norge. foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

«Dei veit ikkje kva nisse og juletre er»

Slik forklarer vesle Nishat (7) korleis muslimane feirar id-festen.

Nafiz (4) og Nishat (7) gler seg til jul, for då får dei gåver av nissen som besøkjer julefesten i regi av mottaket.

– Eg gler meg til jul, for då får me gåver, seier Nishat (7).

 

Nishat (7) likar godt og leika med Barbie. Ho ønskjer seg eit Barbie-hus til jul.

Julefeiring i Norge

Ho har budd på asylmottak i Norge i 3 år og 7 månader, og for rundt eitt år sidan kom ho til Stord saman med broren og mora. Mamma Nusrat Zafrin (32) er opphavleg frå Bangladesh.

 

– Eg er muslim, så eg er ikkje vant til å feira jul slik de gjer her i Norge. Men etter at me kom til Norge, har me teke del i den norske julefeiringa på mottaket, og det er fint, fortel Zafrin. Ho seier at høgdepunktet for muslimane er id-feiringa, som blir markert to gonger i året. Den første gangen, som blir kalla id al-fitr, markerer slutten av fastemånaden ramadan. Den den andre gangen markerer slutten av pilegrimsreisa, og feiringa blir kalla id al-adha.

 

Norske tradisjonar

Ifølgje Store norske leksikon er islam verdas nest største religion, etter kristendommen. Slik som i kristendommen og jødedommen, trur muslimane at det berre finst éin Gud, som dei kallar Allah. Men dei trur ikkje at Jesus er fødd, og difor feirar dei heller ikkje jul.

 

Ein raud julestjerne har likevel fått plass på sofabordet hos Nusrat Zafrin, enda før kalenderåret har komme til desember. Og julefeiringa frå i fjor, sit friskt i minne hos barna.

 

– Me var på julefesten på grendehuset, saman med fleire andre som bur på mottaket. Der såg me nissefar, som åt grauten sin, fortel Nishat (7).

 

– Ja. Han tok skeia i handa, og så kom katten og skremde vekk musene, seier Nafiz (4).

 

– Men det var ikkje ein ekte nisse som kom, det var nokon som hadde kledd seg ut, seier Nishat (7).

 

Søskena fortel at dei begge fekk gåver av nissen. Nafiz fekk ei teikneblokk og Nishat fekk ein skrin med perler.

 

– Eg ønskte meg eigentleg ein Barbie-boks, med kam, briller og sko til Barbie-dukka mi. I år ønskjer eg meg eit stort Barbie-hus, som eg har sett på tv, seier Nishat.

 

Det Nafiz (4) hugsar best frå julefeiringa med dei andre på mottaket i fjor, er då julenissen kom med gåver.

Den «ekte» nissen

– Trur du det finst ein ekte nisse då?

 

– Ja. Han har kvitt skjegg, raud og kvit drakt, svarte sko, og han reiser med dei magiske ... dei magiske. åhh, eg hugsar ikkje kva dei heiter! seier 7-åringen.

 

– Reinsdyr?

 

– Ja! Så kjem han ned frå taket, og legg gåver under juletreet. Og når ungane vaknar er det jul i huset.

 

– Plar han komma hit då?

 

– Nei, me feirar ikkje så mykje jul hos oss. Me feirar id, og då feirar me med god mat og gåver.

 

Muslimsk feiring

– Eg kjøper alltid nye klede til barna til id-feiringa, seier mamma Nusrat Zafrin.

 

Ho viser fram ein genser i blått og raudt.

 

– Førre gong me hadde id-fest, så kjøpte eg denne til Nafiz. Han er så glad i Spiderman, og vil alltid vera Spiderman når han er i barnehagen, fortel Zafrin om sonen sin.

 

Når Nishat skal forklara kva som er forskjellen id-feiringa og tradisjonell norsk julefeiring, har ho følgjande kommentar:

 

– Dei veit ikkje kva nisse og juletre er.

 

Ho klarer ikkje heilt å bestemma seg for kva som er kjekkast av id-feiring og norsk jul, og konkluderer med at ho likar begge markeringane.

Det kjekkaste Nafiz (4) leiker med, er Spiderman. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Her viser mamma fram genseren som ho gav til Nafiz (4), sist gong hadde id-fest.