Gå til artikkelen
Far og son Christoffer Lillestøl og Julius Hillestad Lillestøl (5) frå Stord var eigentleg på veg til bading, men svippa først innom peparkakebyen på vegen. Her kikar dei på Nysæter kyrkje i pepar-kakeversjon, laga av Sagvåg og Litlabø barnehage.

Ein by full av pepar og snop

Peparkakebyen i Borggata har blitt ein folkekjær tradisjon for stordabuen.

Gøy på juleverkstad. Søskena Loke (6) og Leah Elise Kvamen Bakke (4 1/2) likte å pynta peparkakene akkurat slik dei ville. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

– Det har vore ein roleg start tidlegare på dagen i dag, men så kom det ein del, folk er vel ikkje så tidleg oppe på laurdagane, seier Alvhild Arnevik i Røde Kors barnehjelpen.

 

Fram mot jul er det juleverkstad kvar dag i peparkakebyen i gamle Fokus Bank sine lokale i Borggata.

 

Som i åra før, er det mykje forskjellige peparkakehus i årets peparkakeby. Heilt til venstre ser me Sæ barnehage sitt flotte peparkaketog. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Julepynting

Og då Sunnhordland var innom ein laurdags ettermiddag, var barnefamiliar innom for å anten sjå på, eller for å vera med på juleverkstaden.

 

– Her lagar dei alt ifrå julekort til korger og slikt, held Arnevik fram, medan søskena Loke (6) og Leah Elise Kvamen Bakke (4 1/2) frå Valvatna heldt på.

 

– Me skal ete peparkaka, men me skal berre pynta ho litt meir først, seier storebror Loke.

 

 

– Og kva er det dykk gjer då?

 

– No legg me på glasur, seier Leah Elise.

 

– Men korleis får de non-stopane til å sitja fast då?

 

– Ved hjelp av kremen så sit den fast, forsikrar Loke Kvamen Bakke.

 

I Skogatufto barnehage har dei laga Nord-Europas største traverskran, Storen på Kværner Stord, ut av peparkaker og med masse kakemenn under som hjelper til når kranen skal løfta. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Sukkersjokk

Også borte i andre delen av lokalet, med peparkakehusene, er det nyfikne vaksne og born som er komne for å sjå. Slik som far og son Christoffer Lillestøl og Julius Hillestad Lillestøl (5) frå Stord.

 

– Eg trur det er ei kyrkje, seier Julius medan dei kikar på eitt av dei store pepar-kakehusa.

 

– Eg fekk mest lyst til eta alle peparkakehusa eg, seier faren til Julius.

 

– Eg har ikkje lyst på eg, svarar Julis kontant, medan han kikar på alt det gode godteriet og snopet. Kanskje det vart for mykje av det gode?

 

– Me er på veg til bading, og då me gjekk forbi så foreslo Julius at me kunne fara innom peparkakebyen, seier Christoffer Lillestøl.

Sjekk Ås barnehage si artige peparkake-grashoppe. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Sævarhagen FUS barnehage har laga ein dramatisk peparkakebåt til peparkakebyen i år, med både seigmenn om bord i båten som fiskar, og seigmenn som har falle i sjøen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN