Gå til artikkelen
Klokka halv fem om morgonen, medan dei andre i familien søv, lagar Arvid seg ein rask frukost. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Lange veker på jobb

Arvid Ottesen fekk feira jul heime med borna i år, men reiser til Aukra på jobb no i romjula. Me følgde han frå tidleg morgon på Stord til han var på jobb der for nokre veker sidan.

Bagen er pakka, og det er berre å få på seg skoa klokka fem. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Arvid Ottesen vaknar klokka 04.20. Det er måndag morgon heime i husværet i Sæ, som familien leiger medan dei byggjer om huset på Hystad. Arvid pakka bagen kvelden før. Der er alt han må ha med seg for dei to kommande vekene på jobb på Aukra, der han er arbeidsformann for røyrleggjarar som er med på å utvida gassanlegget der. Etter morgondusjen tek han seg tid til ei brødskive og ein kopp kaffi.

 

– Då er det berre å få med seg bagen og rusla ut i mørket og ned til bussen, seier Arvid.

 

– Det verste med å reisa frå kona og dei to borna på 12 og 9 år er jo nett det – å reisa frå dei. Eg veit jo no når eg går heimanfrå at det i løpet av desse vekene kjem fleire situasjonar der eg skulle ha vore der og følgd dei opp, fortel 38-åringen.

 

Det er mørkt og det er kaldt, men endå kaldare skal det bli på anleggsområdet seinare på dagen. Fleire pendlarar samlar seg ved Rådhuset, og snart kjem bussen som har plukka opp Kværner-arbeidarar mellom Rommetveit og Leirvik. Dei seier kort god morgon til kvarandre og sløvar vidare i bussetet medan dei køyrer vidare mot flyplassen og plukkar opp endå fleire menn – og ei kvinne – som skal vera borte frå heimen dei neste to vekene.

 

Bussavgangen nærmar seg, og Arvid får det travelt. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Fly

Kværner har avtale med Widerøe, som har fly måndagar, tysdagar og torsdagar mellom Stord og Molde. Arvid og dei andre har avgang klokka 06.30, og flyet er presis. Alle seta blir fylt opp, og straks flyet er komme i lufta får dei tilbod om ein enkel frukost. Arvid tek seg og litt meir frukost før han nyttar høvet til å sova litt ekstra før dei landar i Molde. Det blir stille i pendlarflyet.

 

– No er det ingen veg tilbake ... før dei to vekene er gått. Og noko som er bra ved å jobba slik, er at då kan me dedikera oss heilt og fullt til jobben. Me treng ikkje tenkja på at nokon sit heime og ventar eller krev husarbeid av meg etter arbeidstid, seier røyrleggjarformannen på plass i bussen som tek dei til ferja mot øya der anlegget ligg.

 

– Me har veldig godt samarbeidsmiljø der, så når eg no er på veg mot jobb igjen, ser eg ikkje mørkt på det.

 

Det er mørkt når han går heimanfrå – og mørkt når han kjem fram til Aukra tre timar seinare. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Kvardagen

Arvid blir varmt motteken av kollegaene på kontorbrakka når han kjem og får på seg kjeledressen og gjer seg klar for å gå ut på anleggsområdet.

 

– Ja, no var det på tide du kom tilbake, for i morgon vil eg heim, smiler Rune Svensen, som han vekslar med om å vera arbeidsformann for røyrleggjarar.

 

– Og så er det på tide å få på plass igjen Liverpoolkruset og gøyma bort det med logoen til eit lag eg ikkje vil nemna, følgjer Arvid opp. Så rapporterer Rune Svensen kva som er gjort siste vekene medan Arvid har vore heime, og dei legg ein plan for arbeidet vidare.

 

– Det er ok å koma opp her igjen, men første dagen er litt tung. Det kjem seg når eg liksom har fått skrudd på, men det tek nokon timar før eg er heilt påkopla her. Men det er vel berre eit teikn på at eg har kopla godt av dei vekene eg har vore heime, seier Arvid Ottesen på veg ut på anleggsområdet.

 

Bussen har plukka opp pendlarar frå Rommetveit, via Leirvik, verftet, Heiane og Sagvåg. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Arbeidet

Arvid er formann for 10–12 røyrleggjarar, og han har ansvar for å leggja til rette for at dei skal kunna arbeida effektivt.

 

– Eg må sørgja for at det er stillas på plass der dei treng det. Så må eg passa på at dei får dei materiala og jobbpakkane dei treng. Eg har også ansvar for at dei arbeider trygt og kjem seg heile og friske heim etter 14 dagar her. HMS er stikkordet.

 

– Kor stor del av den tolv timar lange arbeidsdagen er du inne på kontoret?

 

– Eg kan vel seia at eg er ute 70 prosent av tida. Men det går mykje tid med til å skriva rekvisisjonar på ulikt utstyr. Eg må også skriva arbeidstimar. Men ikkje minst går det mykje tid med til å skriva søknader om arbeidsløyve. Alt arbeid me skal gjera inne på anlegget må me ha godkjenning for, og desse må leverast før klokka 11. Sjølv om 12 timars arbeidsdag er lenge, hender det at eg må jobba lenger enn det for å koma i mål, fortel arbeidsformannen frå Sagvåg.

 

Charterflyet frå Widerøe står klar for avgang klokka 06.30. Foto: GEIR ROMMETVEIT


Kompensasjon

Mange av pendlarane som jobbar to veker og har tre veker fri er svært godt fornøgde med den ordninga og vil heller ha det slik enn å arbeida ved verftet på Stord kvar dag. Andre er ikkje så begeistra for å måtta reisa bort frå heimen for å jobba. Men dei får ekstra betalt for å pendla slik. Fagforeiningane har forhandla fram ein avtale som inneber 20 prosent tillegg til ordinær løn.

 

– Eg har ikkje klaga på kompensasjonen, men eg synest me burde fått tilsvarande det dei får offshore. Skilnaden er litt for stor, synest eg.

 

Charterflyet frå Widerøe står klar for avgang klokka 06.30. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Høgtidene

I dagane før jul hadde Arvid Ottesen det ekstra travelt og arbeidde i huset dei byggjer om.

 

– Det er svært gunstig då å kunna ha heile dagar i tre veker heime, slik at eg kan få gjort ein god del sjølv. Fleire juler og nyttår har han vore borte frå borna og kona, men i år er dei heldigare enn som så.

 

– Eg er glad for å kunna feira jul heime på Stord i år. Eg må rett nok opp på jobb igjen før nyttår og blir borte då, men det er nokre hakk verre å vera borte frå familien på julaftan. No har me visst lenge at eg blir borte nyttår, og det skal nok gå bra.

 

På flyet får dei som ønskjer det kaffi og ein enkel frukost. Mange set pris på det. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Arvid ventar på bussen ved Rådhuset, klokka er straks 05.15. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Dei har fast buss med fast sjåfør frå flyplassen i Molde, via ferja over til øya Gossa i Aukra kommune, der gassanlegget ligg. Foto: GEIR ROMMETVEIT