Gå til artikkelen
Karsten Inge Steinsland, røyrleggar RHS, Ole Kristoffer Laastad, tømrar Engelsen bygg, Øyvind Tyse, anleggsleiar Engelsen bygg, Tor Øyvind Grov, røyrleggjar RHS og Stein Otto Almås, røyleggjar i RHS er dei arbeidarane som har jobba mest på Gymsalen. Alle foto: Vilde Hjertholm Lunde, HSH

Gymsalen skal bli slik han var i “gamle” dagar

Til hausten skal studentane på HSH ha gym i gymsalen slik han var då han var ny, på 1920-talet.

Aase Haug Eskevik, rådgjevar hos Riksantikvaren (grønt skjerf) var saman med ekspertar frå Statsbygg på synfaring i Gymsalen i haust.

– Eg trur at Gymnastikkbygningen vil gjenoppstå som den praktsalen den ein gong var, når han er ferdig restaurert, seier Aase Haug Eskevik, rådgjevar hos Riksantikvaren, til Høgskolen Stord/Haugesund sine nettsider, hsh.no.

 

Ho var nyleg på synfaring i bygget som populært blir kalla Gymsalen på Rommetveit. Det freda bygget blei teikna av Schak Bull & Søn (Jens Bull) i 1920, og oppført i 1922. Sidan oktober 2013 har Statsbygg jobba med å oppjustera og restaurera bygget tilbake til fordoms prakt. Utsida blei ferdig hausten 2014, og ein starta arbeidet innvendig på nyåret 2015. Sidan bygningen er freda, må alle endringar bli godkjent av Riksantikvaren, og Eskevik var på synfaring for å ta betre avgjerder om prosessen i oktober i år.

 

– Riksantikvaren følgjer arbeidet på bygget tett sidan det er freda, fortel ho.

Ekspertar lagar nye ribbeveggar i original stil som er høgare enn dei ein ser på biletet. Ein byttar ikkje ut sportsgolvet, fordi det skal vera funksjonelt til å driva gymnastikk i salen. Golvet skal slipast og lakkast.

Først utvendig

Sidan huset blei bygd har det blitt gjort lite med det, utanom vedlikehald. På 70-talet gjorde ein ei tidsrett modernisering, der ein plata att dei innvendige veggene, skifta ut vindauga og dører og bygde om garderobane og sanitæranlegg. 40 år etter siste modernisering bar bygget preg av å vera slite.

 

 

LES REPORTASJEN: Tilbake til 1920

 

Difor kom det eit ønske frå Høgskolen Stord/Haugesund som er leigetakar, om å oppjustera kvaliteten og føra tilbake bygget til opphavleg prakt. Det var eit stort behov for eit slikt arbeid.

Taket måtte skiftast, langveggene bula ut, mellom anna på grunn av at bjelkane som skulle halda konstruksjonen oppe hadde losna. Difor bestemte Statsbygg seg for å gjera den store oppjusteringsjobben, og innleigde arbeidarar starta med arbeidet utvendig hausten 2013, står det å lesa på hsh.no

 

– Me demonterte den opphavlege kledinga for å retta opp og forsterka bygget, og etterisolerte bak ytterkledinga. Så remonterte me den opphavlege kledinga, med unnatak av kledningsbord som trengde utskifting. Den svarte blanke betongtaksteinen blei bytta til raud teglstein, og me tilbakeførte dei blanke kulene på spira i kvar ende av valmataket, fortel prosjektleiar i Statsbygg, Sverre Melvær Øgaard til hsh.no

På loftet kan ein sjå festa til stålbanda som er eit av tiltaka for å stiva av konstruksjonen. Desse er montert på golvet på loftet og på alle ytterveggene.

Vart freda

Sommaren 2014 blei Gymnastikkbygningen saman med fleire andre bygg på kampus Rommetveit freda. Fredinga av bygget gjeld både eksteriør og interiør. Målet med freding er å sikra bygningen som del av det utdanningshistoriske anlegget på Rommetveit. Det er ein god representant for utbygginga av lærarskulane på 1920-talet.

 

Bygget har oppetter åra fungert som gymnastikksal, og som forsamlings- og festsal der det mellom anna var galleri og ein staseleg scene, står det å lesa i artikkelen.

 

Sidan bygget er freda og skal restaurerast, må ein stor jobb gjerast i å avdekkja og dokumentera korleis bygget såg ut då det var nytt. Ekspertar frå ulike fag er hyrt inn, for å ta del i arbeidet for å oppnå eit fagmessig best mogeleg resultat. Då må alt arbeid planleggjast ned i minste detalj, og arbeid som blir utført må dokumenterast.

Her ser ein kor staga går ut. Tømrarane skal bygga overgangane inn.

Moderne krav

Gymnastikkbygningen skal sjå original ut, men innfri moderne krav når den er ferdig.

 

Jan Reinemo, driftsleiar for Statsbygg på HSH, meiner at bygget kjem til å ha endå betre kvalitet når restaureringsjobben er ferdig, enn det hadde då det var nybygt.

 

– Huset får moderne stand, som har betre kvalitet enn det nokon gong har hatt, seier han.

 

Planen er at Gymsalen skal vera ferdig restaurert i juni, slik at det er klart til bruk ved studiestarten 2016.

Ein god gammal turnkasse er ein av tinga som står på loftet.

Vindauga på loftet har blitt restaurerte ved Sunnhordland museum.