Gå til artikkelen
Ibtisam Sheikh-Bue kikar nærare på den døde skarven. Erik Misje (t.v.) og Wiktoria Serwatka er også svært interesserte, og lurer på kva fuglen har døydd av.
Foto: MARIUS KNUTSEN

- Åååååååh nei, me kom for seint

«Miljøpatruljen» i Sævarhagen FUS barnehage fekk kjenna på kroppen kva plast og boss gjer med naturen.

Publisert 17.02.2017 kl. 05.00.

- Oi, ein straumleidning!

 

- Gunn, eg vil ha plasthanskar!

 

- Sjå kor flink Rune er til å gå på stien!

 

- Hæ? Dette er jo ei blomepotte!

 

16 av dei eldste borna i Sævarhagen FUS barnehage drog onsdag til strandkanten på idylliske Hovaneset for å rydda bos. Og det er nok å ta av.

 

- Det flyt like mykje kvar gong me tek turen. Og me klarar sjølvsagt ikkje å ta alt. Men me finn alltid mykje drit - plast, isopor, presenningar og digre tømmerstokkar, seier pedagogisk leiar Rune Vorland i Sævarhagen FUS barnehage.

 

Denne dagen kunne dei plussa på med ein gammal hagestol, ein fender, ein leikeball og eit langt røyr, truleg frå eit oppdrettsanlegg.

Marie Hatlevik fann ei gammal blomepotte av plast på Hovaneset. Men det var ikkje det einaste barnehageborna fann av skrot. Til venstre: Erik Misje.
Foto: KJETIL ØSTREM

Død fugl

Sunnhordland var floge på veggen på onsdagens innsamling - som kanskje vart endå meir spennande enn borna hadde tenkt.

 

- Sjå! Ein død fugl! kjem det brått frå ein barnemunn borte i stranda. Borna flokkar seg rundt for å studera fenomenet nærare.

 

- Det er ein skarv, forklarar Gunn Grov.

 

- Er han død? spør eitt av borna.

 

- Ja, diverre, svarar Grov.

 

- Åååååååååå nei, me kom for seint! kjem det kontant frå Marie Hatlevik.

 

- Kva trur de han har døydd av? spør me.

 

- Han har heilt sikkert åte plast, svarar borna.

 

Grov opnar forsiktig nebbet, for å sjekka kva som kjem til syne.

 

- Eg synest eg ser litt boss nedi der. Me burde ha vore her mykje før, så kunne me kanskje ha redda han, meiner Marie.

Her er heile miljøpatruljen frå Sævarhagen FUS barnehage, som var på tokt på Hovaneset onsdag. Bak frå venstre: Maja S. Nerhus, Othilie Ørjasæther, Wiktoria Serwatka, Alexandr Romanovski, Ibtisam Sheikh-Bue, Linnea I. Eriksen, Marie Hatlevik, Frida Helland, Emilie H. Eide og Tajus Rimkus. Framme frå venstre: Vilde E. Gullberg, Ludvig Danielsen, Tora E. Pedersen, Tobias K. Næss, Erik Misje og Martin O. Fjell.

Gravferd

- No vert det gravferd i barnehagen seinare i dag. Så då må me finna eit namn til fuglen, seier Vorland til Sunnhordland.

 

Han peikar utover stranda, der skarven sit tett på steinane, medan danskeferja til FjordLine glir forbi i bakgrunnen.

 

- Det er frykteleg synd at det skal flyta så mykje boss i sjøen, og at me kastar så mykje frå oss. Det er slett ikkje bra. I så måte så er dette lærerike utflukter for oss alle, seier Rune Vorland.