Gå til artikkelen
Olav Magnus Fredheim er anestesilege og professor, i tillegg til undervisar i smertebehandling for medisinstudentane ved NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet). Foto: PRIVAT

- Bør ikkje droppa smertestillande

Olav Magnus Fredheim er ekspert på smertestillande, og rår til å følgja råda frå legen.

Olav Magnus Fredheim underviser i smertebehandling for medisinstudentane ved NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet), og driv i tillegg med forsking innanfor same område. Han har blant anna forska på bruk av smertestillande midlar (opioder, red.mld.), og biverknader av dei.

 

Då han får høyra kortversjonen av historia om Marit Bjelland, meiner han det høyrest ut til å vera ei trasig historie.

 

- No er det vanskeleg for meg å kommentera enkeltsaker, men historia hennar viser mange av vanskane med å bruka opioider over tid. Eg vil likevel ikkje rå folk til å droppa kraftige smertestillande dersom dei har vore gjennom ein operasjon, får akutte ryggproblem eller liknande. Opioder plar ha effekt på slike smerter. Det eg vil åtvara sterkt mot, er å halda fram med desse preparata når første forskriving er brukt opp, eller lenger enn eit par veker, seier Fredheim.

- Liten effekt

Han fortel at dersom smertene varer ved noko særleg lenger enn to veker etter ein operasjon, er det som regel ikkje løysinga å halda fram med å bruka smertestillande.

 

- Ein bør då sjå på korleis ein kan bruka kroppen trass i smertene, fordi meir smertestillande truleg vil ha liten effekt, og heller gje problem i forhold til avhengnad av medisinar. I få tilfelle kan det likevel vera korrekt å halda fram med medisinane, men då skal det vera i tett oppfølging med lege, og helst i kombinasjon med fysisk aktivitet. Målet er å få kroppen tilbake i den funksjonen han var, så raskt som råd, seier professoren.

 

På universitetet er hovudregelen at dei kommande legane skal ha ein låg terskel for å skriva ut resept på sterke smertestillande ved operasjon, brot o.l., men høg terskel for å skriva ut dose nummer to. Pasientar med langvarig smerte vil ha mest nytte av mental og fysisk opptrening, meiner Fredheim.

Anbefalinga

Han seier at om lag 400.000 nordmenn kvart år får skreve ut paralgin forte. Dei aller fleste av desse får 1,2 eller 3 reseptar årleg, som er godt innanfor den akseptable dosen.

 

- Knapt halvparten av desse 400.000 har ikkje fått slike medisinar tidlegare, eller i alle fall ikkje på ei god stund. Berre nokre få hundre av desse endar opp med å nytta slike medisinar fast gjennom fleire år, hevdar Fredheim. Han har henta tala frå Det Norske Reseptregisteret og frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag.

 

- Rådet mitt er å ta imot medisinar som legen anbefaler ved akutt smerte, men å unngå å nytta slike medisinar meir enn eit par veker. Du kan unngå mykje unødvendig smerte då, meiner Fredheim.